Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > 3,5 millionar kroner til friluftsliv

Kontaktpersonar

Petter Jenset Petter Jenset
Rådgivar friluftsliv
71 28 03 05 /
Mob. 922 34 244
Send e-post

3,5 millionar kroner til friluftsliv

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune fordelte nyleg 3, 5 mill. kroner til anlegg og aktivitetar i heile fylket. Sjå kven som har fått støtte.

Fra stikkUT-turen til Halåssetra i Eide (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

-  Midlane er fordelt både til friluftslivsanlegg, og til tiltak og arrangement som direkte skal bidra til meir friluftslivsaktivitet, seier leiar i Kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Desse 21 friluftslivsaktivitetane fekk støtte.

Desse 12 tiltaka i statlig sikra friluftslivsområde fekk støtte.

Turløyper i nærområdet

1,8  millionar kroner går til å utvikle friluftsområde som er statleg sikra, der både kommunar og friluftsråd er søkarar. Dette kan for eksempel vere tiltak som turstiar og parkeringsplassar, utbetring av badeplassar og bygging av toalett.

1,72 millionar kroner er tildelt ulike friluftslivsaktivitetar i regi friluftsråd, frivillige lag og organisasjonar. Pengane går til turarrangement, friluftsleirar, kurs og liknande.                                                       

-  Det å få fleire til å gå meir på tur, er eit av dei enklaste og viktigaste tiltaka for ei betre folkehelse. Fylkeskommunen støttar derfor prosjekt som har som mål å legge til rette for turløyper nær der folk bur. Det skal bli stadig enklare for folk i Møre og Romsdal å finne seg ei løype som kan brukast i kvardagen, seier rådgivar friluftsliv Petter Jenset