Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > 550 000 til verneverdige fartøy

Kontaktpersonar

Marit Nerås Krogsæter Marit Nerås Krogsæter
Lektor
Mob. 918 32 844
Send e-post
Arve  Nytun Arve Nytun
Arkeolog/Rådgivar
71 28 03 25 /
Mob. +4795707431
Send e-post

550 000 til verneverdige fartøy

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt ein sum på 550 000 kroner til verneverdige fartøy. 

S/B Sundbåten Rapp har fått tilskot. Foto: «Foreningen Sundbåten Rapp»

– Dette er fartøy som har stor kulturhistorisk verdi, og som fortel noko om kystfylket Møre og Romsdal. I tildelinga  har vi lagt vekt på fartøy som allereie er verna eller freda, og som har godt organiserte grupper ikring seg. Vi har også prioritert tiltak som er realistisk å få gjennomført, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

Ordninga er eit samarbeid med Riksantikvaren, og kvar av partane bidreg med halve tilskotssummen kvar. Av totalt seks søkarar har fire fått tilskot til istandsetting og vedlikehaldstiltak. Ein av desse er frå Nordmøre, ein frå Romsdal og to frå Sunnmøre. – Å ha veteranfartøy i drift er økonomisk krevjande, og vi håpar at midlane kjem godt med i det vidare arbeidet, avsluttar Krogsæter. 

Desse har fått tilskot:

Namn på fartøyet Byggeår og funksjon Kommune Tildelt kroner
Bilfergen AS 1921, bilferje Ålesund 80 000
S/B Sundbåten Rapp sundbåt frå 1958 - 2014 Kristiansund 120 000
M/S Brand 1925, fiske og fangstbåt Molde 250 000
M/S Hindholmen 1916, fiskefartøy Ørsta 100 000

Les heile saksframlegget og protokoll her