Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > 625 000 kroner til Bokåret i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Inger Lise Aarseth Inger Lise Aarseth
Førstekonsulent
71 28 05 04
Send e-post

625 000 kroner til Bokåret i Møre og Romsdal

-Håpar at litteraturen skal bidra til «digital avrusing» i Leseåret 2019.

 Målet vårt er å syne fram biblioteket som den opne møteplassen det er, og la samtalen flyte fritt rundt eit tema som interesserer mange.

Møre og Romsdal fylkeskommune er løyvd 500 000 kroner frå Nasjonalbiblioteket til ei lesekampanje i biblioteka i Møre og Romsdal neste år. Kampanjen har fått namnet «Bok på veg», og målet er å få folk til å erstatte nokre av skjerm-minutta med lesing i Bokåret 2019. Det er kulturavdelinga  som har søkt midlane på vegner av 31 folkebibliotek.

- Mykje av den tida vi ein gong fylte med å lese bøker, er no erstatta med tilfeldig blaing på skjermen. Den digitale kvardagen er komen for å bli, men vi trur også at mange ønsker seg eit dytt i retning av noko meir saktegåande og stimulerande å bruke ledige timar og minutt på. Derfor ønskjer vi å skjerpe fokuset på litteraturen i Bokåret 2019, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

I tillegg har dei tre storbybiblioteka i Molde, Kristiansund og Ålesund fått 125.000 til eit eige prosjekt knytt til Tom Stalsberg og Lars Saabye Christensens «Men Buicken står her fremdeles».

Vil samle folk til samtale

Kvar månad vil eit nytt lesetema bli løfta fram med felles marknadsføring i «Bok på veg». Biblioteka i fylket kjem til å markere desse på ulike vis og i ulikt omfang. Felles for alle er at lesarane kan få gode tips til bøker dei kan ta med seg på vegen. Nokre bibliotek kjem til å invitere til opne lesesirklar, der kven som helst kan kome og snakke om bøker dei har lese sidan sist.

- Det finst alt for få høve til å kome i prat med kvarandre på ein uforpliktande måte i vårt samfunn. Målet vårt er å syne fram biblioteket som den opne møteplassen det er, og la samtalen flyte fritt rundt eit tema som interesserer mange. I januar startar vi til dømes med temaet «Reise», der vi tipsar om gode reiseskildringar og bøker om å vere på farta. Så håpar vi mange lesarar har lyst til å ta del i ei hyggeleg stund der dei kan velje å lytte til andre sine leseopplevingar eller fortelle om sine eigne, seier rådgivar og prosjektleiar ved fylkesbiblioteket Bjørn Vatne.

Fremjar lokale forfattarar

Vidare skal midlane mellom anna gå til forfattarmøte i biblioteka, skrivekurs, novellekonkurranse, og ein antologi med forfattarar frå fylket. Denne skal lagast i samarbeid med Møre og Romsdal forfattarlag, og gjerast tilgjengeleg «overalt» der folk ferdast. Målet med denne er å synleggjere all den gode litteraturen som skapast i fylket, og gje gratis leseopplevingar.

Nasjonalbiblioteket har fordelt til saman 27 millionar kroner til bibliotek og andre institusjonar som skal formidle leseglede i Bokåret 2019. Heile 500 bibliotek får støtte til å gjennomføre til saman 1.500 arrangement i bokåret. Inngangen til Bokåret blir feira med ei nasjonal markering 15. januar.

- Møre og Romsdal fylkeskommune er glade for tildelinga og vi ser fram til å følgje dei ulike aktivitetane det er lagt opp til i 2019, seier Wedlog Olsen.