Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Ålesund, Molde og Kristiansund kan bli Europeisk kulturhovudstad

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post

Kontaktperson

Marit Nerås Krogsæter
leiar i kultur- og folkehelseutvalet
mob. 918 32 844

Ålesund, Molde og Kristiansund kan bli Europeisk kulturhovudstad

Fylkeskommunen vurderer å søke om status som Europeisk kulturby for Molde, Kristiansund og Ålesund gjennom konseptet Mørebyen. No er det opp til byane om dei vil bli med.

Kva har Ålesund til felles med Paris, Athen og Bergen? Jo, den kan bli Europeisk kulturby. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

I følge ein fersk rapport ‘Mørebyen Europeisk kulturhovudstad 2028’ har Mørebyen, Molde, Kristiansund og Ålesund i lag, eit godt grunnlag for å søke EU om å få bli Europeisk kulturhovudstad.

- Den meiner at det er det rike mangfaldet i Møre og Romsdal, mellom byane og i regionen, som er det største fortrinnet vårt i ein søknad om status som Europeisk kulturhovudstad, seier leiar i kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Les heile saka og rapporten her.

Alle byane må med

Før ein søknad eventuelt går til Brussel, må fylkeskommunen ha med seg dei tre byane.

- Skal vi lukkast med ein eventuell søknad, må byane ønske ei slik satsing saman med omlanda sine, avsluttar Nerås Krogsæter.

Rapporten, som er utarbeidd av Oslo Met og NIBR, tar for seg kriterier for å søke om status, kulturlivet i regionen, kostnadsaspektet og kva effektar statusen kan få.

Molde

Kan Molde bli Europeisk kulturby i framtida? (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Langsiktig strategi

For å bli Europeisk kulturhovudstad, krev EU

  • at søknaden må vere del av ein langsiktig strategi for å styrke kultursektoren
  • at søkaren må fremme kulturelt mangfald, interkulturell dialog og vise breidda i europeisk kultur
  • at innbyggarane må involverast og tilboda skal vere til heile befolkninga

Alt dette er i samsvar med våre mål, meiner fylkeskultursjef Heidi Iren Wedlog Olsen.

- Ideen om Mørebyen som europeisk kulturhovudstad passer godt med ambisjonen vår om å skape attraktive byar og tettstader. Som det går fram av rapporten har byar og regionar som har vore europeisk kulturhovudstad, opplevd positive effektar både for innbyggjarane og kultursektoren og næringslivet. Dei har også fått nasjonal og internasjonal merksemd frå turistnæringa, noko vi synes er spennande, fortsett Wedlog Olsen.

Kristiansund

Får vi sjå Kristiansund som Europeisk kulturby? (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

I følge rapporten bør Mørebyen inkludere det særeigne omlandet sitt i ein søknad til EU. Naturen er ein slik kvalitet, samferdselssystemet ein anna, for eksempel Atlanterhavsvegen, Trollstigen, Ørnevegen i Geiranger og Raumabanen.