Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Heidi Drageseth
Bibliotekrådgivar
71 28 05 06
Send e-post
Cecilie Røe
Spesialbibliotekar
71 28 05 09 / Mob. 952 10 109
Send e-post

ABM nettverksmøte om digitalisering 28.5.2019 i Ålesund

Møre og Romsdal fylkesbibliotek og Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal inviterer arkiv, bibliotek, museum og kulturvern i fylket til eit nettverksmøte med presentasjonar og drøftingar kring digitalisering av kulturarven med fokus på lokalhistorisk materiale på Scandic Hotel Ålesund, Molovegen 4, 28. mai 2019 kl. 9.30-16.30.

Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen opnar konferansen. Jonny Edvardsen frå Nasjonalbiblioteket presenterer deira digitaliseringsarbeid. Frå Norsk lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblioteket kjem Dag Hundstad og Marianne Wiig og presenterer instituttet og Lokalhistoriewiki. Arkivverket med Digitalarkivet ved Kristian Hunskar presenterer ny felles publikasjonsplattform for digitalisert materiale. Fylkesbiblioteket presenterer MøreRom-basen og Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKAMR ved SEDAK) presenterer arbeidet sitt med digitalisering og publisering av kulturarven. Det vert også sett av god tid til drøftingar og samråd, sjå program.

Med denne samlinga ønsker vi å presentere kva som finst og kva som er gjort innafor området og marknadsføre dette. Vi håper på gode innspel frå forsamlinga både på arbeid som er gjort, og kva som kan/bør gjerast vidare. Kanskje kan dette bli ei årleg samling der vi får tatt pulsen på kva som skjer m.o.t. digitalisering av kulturarven, etter kvart også samlingane.          

Ver venleg og formidle denne invitasjonen til aktuelle deltakarar i organisasjonen dykkar.

Vi håpar flest mogleg av dykk vil møte og delta på denne felles arenaen for samarbeid om digitalisering, der vi også gjer oss kjente med kvarandre og korleis dei ulike institusjonane arbeider med fagfeltet. Kan vi samarbeide meir? Kan vi gjere oss nytte av kvarandres arbeid? Korleis?

Fullstendig program og påmelding her:
https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Kultur/Fylkesbiblioteket/Kalender-fylkesbiblioteket/Konferanse-om-digitalisering-i-ABM-sektoren-i-Moere-og-Romsdal

Påmeldingsfrist: 13. mai 2019

Det vert ikkje krevd deltakaravgift.