Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post

Auke i kunstnarstipend

Fylkeskommunen aukar pengestøtta til kunstnarar. Nytt i år er eit arbeidsstipend som er ope for søkarar frå alle kunstfelt.

Karin August Nogva er blant kunstnarane som tidlegare har fått stipend frå fylkeskommunen. (foto: Ingeborg Refsnes))

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok nyleg at det skal delast ut eit arbeidsstipend på 200 000 kroner til søkarar frå alle kunstfelt. Dette kjem i tillegg til dei etablerte kunststipenda på totalt 600.000 kr. Alle kunstnarstipenda er lyst ut med søknadsfrist 01.04.2019.

Arbeidsstipend

To av stipenda er arbeidsstipend på 200.000 kr kvar, eit til ein søkar innan visuell kunst, medan det nye stipendet er ope for ein søkar uavhengig av kunstfelt. Begge desse skal bidra til mottakarane i større grad kan fordjupe seg i sitt kunstnarlege virke. 

Dei resterande 400 000 vil bli fordelt på fleire stipend til søkarar frå alle kunstfelt.

Med eit nytt stort arbeidsstipend vil det også bli moglege å gje stipend til kunstnarar innan film, litteratur, musikk og scenekunst. Saman med den totale auken i stipend, er dette med på å gje fleire kunstnarane betre vilkår i Møre og Romsdal, seier leiar i utvalet Marit Nerås Krogsæter.

Søknadsskjema finn du her