Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Barn i Møre og Romsdal er glade i å lese

Kontaktpersonar

One Marthe Jostad Vik One Marthe Jostad Vik
Bibliotekrådgivar
71 28 05 07
Send e-post

Barn i Møre og Romsdal er glade i å lese

For tredje år på rad har biblioteka i Møre og Romsdal tilbydd den digitale lesekampanjen Sommarles. I fjor hadde Møre og Romsdal ei oppslutning på 19,1% med 4081 registrerte brukarar, og i år har oppslutninga auka til 28,8%.

Delen av gutar som har vore med har auka frå 41,5% til 42,1% frå i fjor.

Illustrasjonsfoto: Pixabay.com

Delen av gutar som har vore med har auka frå 41,5% til 42,1%. Heile 6 292 barn har vore med, og til saman har dei lese 7 676 989 sider!

–Sommarles har vist seg å vere ein utruleg populær lesekampanje, og det er morosamt at så mange barn tek seg tid til å lese på eige initiativ. Biblioteka gjer verkeleg ein god jobb med å formidle bøker til dei unge lesehestane i fylket, seier fylkesbiblioteksjef Annette Elin Koch.

På biblioteka rundt om har det vore travle tider i ferien. I Møre og Romsdal har det vorte lese 74 259 bøker, noko som utgjer i snitt 11,8 bøker per brukar.

Kampanjen er eit tilbod til dei som går i 1.-7. klasse. Ved å vere med på Sommarles held barna ved like lesekompetansen sin gjennom sommarferien, og kanskje kjem nokre av dei ut av ferien som enda betre lesarar.