Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Bokbåten Epos på ny tokt

Kontaktpersonar

One Marthe Jostad Vik One Marthe Jostad Vik
Bibliotekrådgivar
71 28 05 07
Send e-post

Bokbåten Epos på ny tokt

Fullasta med bøker og kultur legg det flytande biblioteket ut på tur nummer 105 i Møre og Romsdal. Denne gongen med framsyninga om ormen Gorm og interaktive dyreeventyr!

Tenk, eit flytande bibliotek! Snart kjem bokbåten til ei kai nær deg!

Båten ankrar opp 55 stader, og startar i Tennfjord, Søvik og Grytestranda den 1. oktober. I tillegg til bokutlån, byr Epos på kulturprogram på dei fleste stoppa. Heile ruta for Møre og Romsdal finn du her.

Forfattarbesøk

astrid elise Sæterøy på Epos

Mitt skip er lasta med...eventyr og forfattarbesøk!Her er Astrid Elise Sæterøy i aksjon frå eit tidligare seilas.

1.-5. oktober er forfattar Camilla Kuhn om bord med framsyninga Gorm er en snill orm. Den handlar om Gorm som er ein ganske vanleg orm, bortsett frå at han er forferdeleg snill! Men kvar vart det eigentleg av alle musene? For det er vel ikkje Gorm som har ete dei opp? Camilla er både forfattar og illustratør, og har skrive både billedbøker og lettlestbøker for dei aller ferskaste lesarane. Ho debuterte i 2007 med billedboka «Hvordan Greger Grinebiter havnet i bitter duell og alt nesten ble helt rosa».

Interaktive eventyr

15.-19. oktober og 22.-26. oktober blir det interaktiv forteljarframsyning med skodespelar Karen Høie, og framsyninga Når dyrene får munn og mæle. Ho bygger på dyreeventyr og sangsnuttar frå folketradisjonen vår. Vi får blant anna møte den slu reven og den godtruande bjørnen. Karen har arbeidd i fleire teatergrupper og regionteater, og har turnert på skular, kulturhus og bibliotek rundt om i landet.

Programma denne gongen passar best for dei frå fem år opp til 5.klasse.

Bøker for landkrabber

I tillegg til vanleg utlån, kan skolar og barnehagar låne bokkasser, boksekkar og temasekkar. Privatpersonar kan låne bøker og levere dei tilbake til kva bibliotek som helst i heile landet, eller behalde dei til  neste bokbåtbesøk.

Bokbåten Epos blir i dag drifta i eit samarbeid mellom fylkeskommunane i  Hordaland og Møre og Romsdal.