Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Delte ut stipend til keramikar og tredreiar

Kontaktpersonar

Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post

Delte ut stipend til keramikar og tredreiar

For første gong har Møre og Romsdal fylkeskommune delt ut stipend til utøvarar av husflid og tradisjonshandverk.

Tredreiar Ståle Johan Aklestad var ein av ei som fekk stipend for husflid og tradisjonshandverk
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Gro Kjellnes Løvik, keramikar i Aukra, og Ståle Johan Aklestad, tredreiar frå Molde, fekk 50.000 kr kvar i stipend.
-Vi meiner begge har vist at dei tar vare på tradisjonane, samtidig som dei er nyskapande innan sine felt. Begge har jobba med å gi tradisjonelle kunsthandverk eit moderne uttrykk, seier Camilla Wiik, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Formålet med stipendet er å stimulere utøvarar til å skape nye produkt eller vidareutvikle nye former eller teknikkar innanfor tradisjonskunst. Stipendet er ei prøveordning.