Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Eldre- og folkehelseministeren kjem til årets fylkeseldrekonferanse

Kontaktpersonar

Jon Skarvøy
Folkevalgt
Send e-post
Marita Helene Halvari
Rådgivar
71 28 04 21 / Mob. 936 62 666
Send e-post

Eldre- og folkehelseministeren kjem til årets fylkeseldrekonferanse

Eldre- og folkehelseminister Åse Michalsen kjem på årets fylkeseldrekonferanse tysdag 6.november. Konferansen har over hundre påmeldte og skal vere på Scandic Seilet i Molde.

Over 100 personar skal delta på Fylkeseldrekonferansen førstkommande tysdag. 
Illustrasjonsfoto: pixabay.com

-Aktiv alderdom og leve hele livet er tema på årets konferanse. Eldre- og folkehelseministeren vil halde eit innlegg om temaet «leve heile livet», seier leiar for eldrerådet i Møre og Romsdal, Jon Skarvøy.

Fylkeseldrekonferansen blir arrangert av eldrerådet i Møre og Romsdal, pensjonistforbundet og Nasjonalforeningen for folkehelsen i Møre og Romsdal.

Andre innleiarar på fylkeseldrekonferansen er mellom anna Bjarne Jenssen, tidligare professor i forvaltningsøkonomi ved Høgskolen i Innlandet. Han skal halde eit innlegg med tittelen: «Ødelegg dei eldre samfunnsøkonomien?».  Vidare vil Tone Torgersen, fagsjef i Nasjonalforeningen for folkehelsen  halde eit innlegg om «Sosial ulikskap i helse – kan vi gjere noko med det?»

-Vi har fått til eit spennande program med gode innleiarar og ser fram til dagen, seier Skarvøy.

Fullstendig program finn du her