Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Erfaringshefte om Nærmiljøprosjektet i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Sigri J Spjelkavik Sigri J Spjelkavik
Rådgivar folkehelse
71 28 03 04 /
Mob. 953 38 348
Send e-post

Dokument

Erfaringshefte om Nærmiljøprosjektet i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har saman med seks kommunar og Høgskulen i Volda delteke i det tre-årige «kartleggings og utviklingsarbeidet om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse», kjend som Nærmiljøprosjektet. No har vi laga eit eige erfaringshefte om prosjektet i fylket.

Hovudproblemstillinga for Nærmiljøprosjektet er slik: 

«Hvordan kartlegge og identifisere nærmiljøkvaliteter gjennom medvirkning fra lokalbefolkningen? Hvordan understøtte prosesser som gjør at folk flest får økt innflytelse over sin egen hverdag og sitt eget lokalmiljø? Arbeidet bør ses i sammenheng med annen kunnskapsinnhenting og kommunens ordinære utviklings- og planarbeid».

Rapporten formidlar erfaringar frå deltaking i prosjektet Kartlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse (Nærmiljøprosjektet).  Seks kommunar i Møre og Romsdal har delteke i Nærmiljøprosjektet; Giske, Sunndal, Ulstein, Volda, Ørsta og Ålesund. Møre og Romsdal fylkeskommune har  hatt prosjektleiaransvaret, og Høgskulen i Volda har følgd prosjektet. Erfaringane i heftet er først og fremt knytt til korleis kommunane har arbeidd med måla i prosjektet.  På oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune, har Høgskulen i Volda hatt ansvar for regional evaluering av prosjektet. Eit samandrag frå den regionale evalueringa er innarbeidd i denne rapporten.

___________

Prosjektet er finansiert over statsbudsjettet. Det var Helsedirektoratet som i 2015 fikk oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet å gjennomføre dette kartleggings- og utviklingsarbeidet. Til saman åtte fylkeskommunar og førti kommunar har delteke i prosjektet.