Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Fem Artist-in-residence prosjekt for Møre og Romsdal får støtte

Kontaktpersonar

Carina Stokke Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 /
Mob. 482 62 671
Send e-post

Fem Artist-in-residence prosjekt for Møre og Romsdal får støtte

Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut midlar til aktørar som skal utvikle Artist-in-residence ordning i Møre og Romsdal. Ordninga går ut på å tilby gratis arbeidsplass og bustad til profesjonelle kunstnararar frå inn- og utland, som ønsker arbeidsopphald i fylket vårt. Søknadane er no behandla, og fem aktørar får støtte. 

Surnadal Billag As skal utvikle ein internasjonal residency for billedkunst, teater og musikk.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å stimulere til vidareutvikling av det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Møre og Romsdal. Derfor lyste vi i september ut prosjektstøtte til aktørar som vil utvikle toårig Artist-in-residence ordning. Fylkeskommunen går inn med støtte på inntil 50 prosent, maks 150 000 kroner, av kostnadane i kvart prosjekt.  

-Vi fekk inn mange gode søknadar, der nokre prosjekt utmerka seg. Vi har stor trur på at desse prosjekta vil bidra til å auke attraktiviteten til fylket som bu- og arbeidsstad for profesjonelle kunstnarar, seier rådgivar Carina Stokke i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Utlysing og støtte til Artist-in-residence ordning for Møre og Romsdal er ein del av fylkeskommunen si satsing på kreative næringar.

Desse prosjekta får  støtte:

Surnadal Billag, Surnadalsøra

Dette ereit kunstsenter som skal utvikle ein internasjonal residency for billedkunst, teater og musikk. Aktørane bak prosjektet har store internasjonale nettverk og eit tett samarbeid med Kunstakademiet i Trondheim.  Ansvarleg for ordninga er Jon Arne Mogstad.

LIN2IT dance residency, Sunndalsøra
Dei skal tilby profesjonelle dansarar moglegheit til å utvikle nye produksjonar og perfeksjonere faget. Residencyen vil utvikle samarbeid med regionale institusjonar og aktørar, og vere eit viktig bidrag til utvikling av kunstfeltet dans i fylket.

Åtgaum, Volda

Dette er eit etablert kunstnarfellesskapet som skal utvikle ein residency som er open for alle kunstuttrykk. Prosjektet legg vekt på møtet mellom kunstnarane og lokalsamfunnet. Fellesskapet har allereie mange samarbeidspartar og tilgang til internasjonale nettverk, noko som har resultert i interesse frå fleire internasjonale kunstnarar.

Studio Hugo Opdal, Flø
Studioet skal utvikle ein residency for visuelle kunstnarar på Flø i Ulstein kommune. Studio Hugo Opdal er allereie eit velrenomert galleri med stort internasjonalt nettverk, og residensen vil gje både publikum og profesjonelle kunstnarar i fylket inspirasjon og kompetanse.

Nordic Light, Kristiansund

Her vil dei utvikle ein residency som skal heve kvaliteten på foto- og filmkunstprosjekt knytt til dei tre festivalane Operafestukene, KKKK-festivalen og Nordic Light. Festivalane skal samarbeide om utvikling og gjennomføring. Nordic Light skal også utvikle og etablere foto- og filmsamarbeid med lokale og regionale reiselivsaktørar rundt festivalane.

Kva er Artist-in-residence? 

Artist-in-residence er ei gjestekunstnarordning som skal tilby nasjonale og internasjonale kunstnarar gratis arbeidsplass og bustad for ein periode på to år. Residensane skal vere opne for kunstnarar frå alle felt; visuell kunst, forfattarar, kunsthandtverkarar, filmprodusentar, filmregissørar, dansarar, koreografar, scenekunstnararar, performance-artistar, komponistar, musikararar, kuratorar, lyd- og nye media-artistar. Residensane skal også bidra inn i lokalsamfunnet dei er ein del av, gjennom utstillingar, workshops og tilbod til barn og unge

Nordic light skal utvikle ein residency som skal heve kvaliteten på foto- og filmkunstprosjekt knytt til dei tre festivalane Operafestukene, KKKK-festivalen og Nordic Light

LIN2IT dance residency på Sunndalsøra skal tilby profesjonelle dansarar moglegheit til å utvikle nye produksjonar og perfeksjonere faget.

Bilde frå studio Hugo Opdal

Studio Hugo Opdal er ein av dei som har fått støtte.

Åtgaum i Volda skal utvikle ein residency som er open for alle kunstuttrykk