Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Fire kreative gründerar får startstipend

Kontaktpersonar

Angela Hagen Angela Hagen
kst. stabsleiar og rådgivar
71 28 02 17 /
Mob. 975 49 215
Send e-post
Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 /
Mob. 482 62 671
Send e-post

Fire kreative gründerar får startstipend

Kunstnar Siri Skjerve frå Surnadal, Line Heggem Braute og Gunnar Gjerde (Tind & Tyri Arkitekter AS) frå Molde, gipsmakar og modellør Peder Alme frå Ålesund og Hallstein D. Mala (Ranglefant Film AS) frå Volda får 100 000 kroner kvar i startstipend for å utvikle kreativ verksemd. 

Peder Alme er ein av fire som mottar kreativt stipend under Fylkeskulturkonferansen. 

Les meir om gründerane lenger ned i saka.

I august lyste Møre og Romsdal fylkeskommune ut inntil fire startstipend á 100 000 kroner til gründerar innafor kreativ næring som ønskjer å starte bedrift i fylket. Det er fjerde gong fylkeskommunen lyser ut dette stipendet, og det kom inn i alt 17 søknadar. 

-Stipendmottakarane har alle spennande forretningsidear som fylkeskommunen ønskjer å støtte. Vi ønskjer å vektlegge kultur som næring og styrke moglegheitene for entreprenørskap i kulturell- og kreativ næring. Vi ser fram til å følgje med på desse verksemdene, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Fylkeskommunen arbeider tverrfagleg for å styrke dei kreative næringane i fylket. Startstipendet er eitt av fleire tiltak retta inn mot denne næringa.

-Vi er opptatt av bransjebreidde i næringsutvikling. Kreativ næring er ei viktig næring i seg sjølv, men er også ein viktig underleverandør til tradisjonelt næringsliv og bidragsytar for stedsutviklinga, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Stipenda blir delte ut under fylkeskulturkonferansen i Ålesund torsdag 28. september.

Om stipendmottakarane:

Siri Skjerve, Surnadal

Siri Skjerve er kunstnar som har etablert eit leirestøperi i bygda Todalen i Surnadal kommune. Der skal ho skape sin eigen arbeidsplass og skal også drive kurs og workshops. Skjerve har kunstfagleg bakgrunn frå Kunsthøgskolen i Bergen og har i tillegg opparbeidd seg pedagogisk kompetanse som lærar for både barn, ungdom og vaksne. Ho arbeider i brytningsfeltet kunst og kunsthandverk og vil arbeide for at leirstøperiet skal vere ein base for profesjonelt kunsthandverk på Nordmøre. 

Bilde av Siri Skjerve, kreativt stipend 2017

Siri Skjerve

 

Line Heggem Braute og Gunnar Gjerde, Molde

Tind og Tyri Arkitekter AS er eit nystarta arkitektkontor i Molde. Gründerane bak selskapet er Line Heggem Braute og Gunnar Gjerde. Arkitektane er opptatt av meir enn form – dei brenn for ein heilskapleg arkitektur som kan auke kvaliteten på nærmiljøet. Ideen til Tind og Tyri Arkitekter er å ta utviklarrolla i eigen regi, og dei ønskjer å bruke stipendet til å teste ut denne modellen som ein eventuell ny marknad for arkitektar. Kontoret har valt å vere godt synlege i byen, noko dei håpar vil bidra til å senke terskelen for å ta kontakt med ein arkitekt.

Bilde av Line Heggheim Braute, kreativt stipend 2017

Line Heggheim Braute

 
Bilde av Gunnar Gjerde som får kreativt stipend 2017

Gunnar Gjerde

 

Peder Alme, Ålesund

Peder Alme er gipsmakar og modellør. Han har starta noko så unikt som gipsmakarverksemd i Ålesund og jobbar med restaurering og ny ornamentikk i private og offentlege bygg i murbyen Ålesund. Alme har kunstfagleg utdanning ved Kunsthøgskolen i Oslo, og han avla svenneprøva i mars i år. No har han flytta tilbake til Sunnmøre, der Ålesund blir bakteppet for verksemda. I tillegg til å restaurere gammalt design, vil Peder Alme også tilby ny og spesiallaga design til listverk og rosettar, peisomramming, søyler og figurar.

Bilde av Peder Alme, kreativt stipend 2017

Peder Alme

 

Hallstein D. Mala, Volda

Hallstein D. Mala står bak selskapet Ranglefant Film AS. Selskapet lagar reklame og dokumentarfilm blant spisse tindar på Sunnmøre og har spesialisert seg på produksjon i krevande terreng, og i all slags vêr. Ranglefant Film arbeider også med å utvikle eit produksjonshus med arbeidsrom for etterbehandling av film og bilder, for å trekke til seg fleire kundar frå inn- og utland.

Bilde av Hallstein D. Mala, kreativt stipend 2017

Hallstein D. Mala