Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Fylkeskommunen fordeler over 1 million kroner til kulturminne

Kontaktpersonar

Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar, overarkitekt
71 28 03 31
Send e-post

Fylkeskommunen fordeler over 1 million kroner til kulturminne

Eit staseleg murbygg på Aspøya, fjellgard i Gjemnes, smie i Sunndal, stabbur i Sykkylven, prestegard på Valderøya og kvernhus i Aukra får støtte til restaurering og vern. Sjå kva andre kulturminne i fylket som får tilskot.

Dette bygget i Steinvågvegen i Ålesund er eit av bygga med regional og høg lokal verdi som har fått støtte. (foto: Ragnhild Hesseberg)

Den 6. februar fordelte Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune tilskot til i alt 15 prosjekt frå sør til nord i fylket. Sjå heile lista over kven som fekk tilskot her.

I alt mottok fylkeskommunen 22 søknader om tilskot på over 5 millionar kroner.

- Det viser at behovet for ei slik økonomisk støtte er stort. På denne måten ønsker vi å støtte opp om gode initiativ og bidra til at vesentlege delar av kulturarven vår blir teke i vare for ettertida, seier leiar i kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter

-  Vi har støtta prosjekt som har regional eller høg lokal verdi som kulturminne, seier Nerås Krogsæter.

FJellgarde Gjemnes

Denne fjellgarden i Gjemnes fekk også støtte. (foto: Ola Stranden Andersen)

Kvernhuse Horrem (Aukra kommune)

Kvernhuset på Horrem i Aukra fekk kulturvernstilskot (Foto: Aukra kommune)

 

Historiefortelling

Kulturvern er ei viktig oppgåve for fylkeskommunen.

- Både bygg og bygningsmiljø ber med seg historier om menneske og ting som har skjedd; dei fortel om korleis folk levde og kva dei levde av. Ved å bevare desse får vi ei kjelde til informasjon, ikkje minst om kva materiell og handverksmetodar som vart brukt før. Bygningane pregar staden der dei står. Dei er eit  tidsbilete og viktige for opplevingar og identitet  i dag, seieroverarkitekt i Møre og Romsdal fylkeskommune Helge Aarset

Stort spenn

Prosjekta spenner mellom ulike typar bygg; til dømes Sæbø Damskipsekspedisjon som også var kommunehus i Hjørundfjord i si tid, eit større murbygg med fleire husvere i «trebyen» på Aspøya og eit kvernhus på Horrem i Aukra. Fleire av tilskota vil gå til reparasjon og omlegging av tak. Andre går til dømes til istandsetting av vassrenne og kvernkall, istandsetting av smie og naustveggar i natursteinsmur.