Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Fylkeskommunen gir 1 million kroner i tilskot til kulturverntiltak

Kontaktpersonar

Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar, overarkitekt
71 28 03 31
Send e-post

Fylkeskommunen gir 1 million kroner i tilskot til kulturverntiltak

Kultur- og folkehelseutvalet har fordelt tilskot til i alt 20 prosjekt over heile fylket,  frå Fiskå i sør til Veiholmen i nord. Fylkeskommunen mottok 44 søknader om tilskot, med ein samla søknadssum på oppunder 8,2 millioner.

Denne brygga på Sanden på Veiholmen har fått 30 000 kroner i tilskot til reperasjon og utskifting av panel. Foto: Smøla museum

Dette inneber at mange gode prosjekt har fått avslag, men dei har moglegheit til å søke på nytt neste år. Prosjekta som får tilskot, blir alle vurdert å ha regional eller høg lokal verdi som kulturminne. Prosjekta spenner mellom ulike bygg som vedhus på handelsstaden Haugsholmen i Sande, svært gamle laftanaust i Opsvik i Stranda og eit menigheitshus frå 1950-talet på Nordlandet i Kristiansund.

Både oppbygging av trekai, reparasjon av løemurar og utskifting av taktekking, er nokre av arbeida som får delfinansiering gjennom denne ordninga. Det same gjeld smijernsarbeid og reparasjon av balkongar på jugendstilhus.

Fylkeskommunen ønsker på denne måten å støtte opp om gode initiativ, og bidra til at vesentlege delar av kulturarven vår blir teke i vare for ettertida.

Les heile saka her og sjå oversikta over dei som har fått tilskot

Bilde av naustrekka i Opsvik i Stranda kommune

Naustrekkja i Opsvik, Stranda kommune, har fått tilskot til full istandsetting. Foto: privat

Bilde av vedhuset Haugsholmen i Sande kommune

Vedhuset Hauisholmen i Sande kommune, har fått tilskot til golv, veggar og tak. Foto: privat