Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Fylkesmønstringa i Møre og Romsdal –der ung kultur møtast

Kontaktpersonar

Hanne Brakstad Hanne Brakstad
rådgivar
Mob. 922 87 766
Send e-post

Fylkesmønstringa i Møre og Romsdal –der ung kultur møtast

I helga blirUKM fylkesmønstring arrangert for 32. gong i Møre og Romsdal. I år er det Midsund kommune, i samarbeid med Møre og Romsdal musikkråd og Møre og Romsdal fylkeskommune som står som ansvarlege.

Midsundhallen vil vere hovudarena for framsyningane. I tillegg vil det vere ei flott kunstutstilling på biblioteket ved Midsund skule. Utstillinga opnar for publikum allereie onsdag 29.mars.

Stor deltaking

Møre og Romsdal er som tidligare år, eit av fylka i landet med størst deltaking, både lokalt og regionalt. I år er det 1900 deltakarar totalt over heile fylket. Fylkesmønstringa skal vere ein møteplass for oppleving, idémyldring, samspel og samvær. Her skal rundt 390 unge ta del med rundt 109 sceneinnslag, få møte andre utøvarar, få lære noko nytt gjennom å delta på UKM-verkstadane.

Minikonsertar og verkstader

På kunstutstillinga vil ein finne rundt 54 kunstobjekt. I tillegg blir det to minikonsertar i sentrum på laurdag, på omsorgssenteret og butikksenteret). Same dag blir det UKM-verkstader for deltakarar og reiseleiarar. Her kan dei velje å delta på mellom anna verkstad for låtskriving, leirdueskyting, sjakk, teatersport, dans, yoga og tur opp til fjellet Digergubben via Midsundtrappa.

 

UKM – Ung Kultur Møtast

5.oktober 1985 var datoen for den første fylkesmønstringa i Møre og Romsdal, aarrangert i Molde av Molde song og musikkråd (i dag Molde musikkråd). UKM er meir enn eit fritidstiltak. Det er truleg den viktigaste arenaen vi har for visning av dei unge sine uttrykk. I 2016 deltok rundt 25 000 unge på UKM scenene rundt i hele landet.

UKM heiter fortsatt UKM, men det opphavelege namnet er ikkje lengre dekkande. I 2015 vart namnet endra frå Ungdommens kulturmønstring til Ung Kultur Møtast. Namnet er forståeleg, det kan bli omsett, inviterer til mangfald og passar til heilårleg aktivitet. Namnet gjev ein peikepinn om noko nyskapande. Namnet bygger opp under UKM som møteplass, og tonar ned konkurranseaspektet.

–UKM har for nokre vore eit springbrett vidare, medan det for andre har vore ei oppleving der og da. Venskap og samarbeid har blitt knytt gjennom mønstringane, seier Else Marie Outzen i UKM Møre og Romsdal.

 

Program for heile mønstringa finn du her: ukm.no/moreogromsdal

Kontaktpersonar:

Else Marie Outzen, tlf. 909 95 554
Jonas Høgseth, tlf. 71258850