Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Gir skriveglad ungdom ein arena

Gir skriveglad ungdom ein arena

Nytt prosjekt gir unge moglegheit til å hente inspirasjon og veiledning frå profesjonelle forfattarar.

Litteraturprosjektet “Å skrive! – Et skriveverksted for ungdom» har fått 41.000 kroner i støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette er eit prosjekt der Bjørnsonfestivalen samarbeider med kulturskulane i Kristiansund, Molde og Ålesund for å rekruttere ungdom som er interessert i å skrive. Dei vil også kontakte andre miljø som arbeider med ungdom, for å nå breiare ut med tilbodet.

– Vi trur at det finst mange unge skrivande i fylket som har behov og lyst til å lære meir om korleis dei skriv ein litterær tekst. Her får dei arbeide med ulike litterære sjangrar, og ungdommane får personlig rettleiing ut frå det nivået dei er på,seier festivalsjef Johild Kosberg Bredin.

Ungdommane skal samarbeide med profesjonelle forfattarar frå fylket, som kjem med sine beste skrivetips og innføring i ulike uttrykk. For å nå fram til fleire i målgruppa ønskjer Bjørnsonfestivalen også å ta kontakt med ungdomsskolane og dei vidaregåande skoler i fylket.

Treng litterær læringsarena

Verkstaden skal gjennomførast som dagskurs i løpet av hausten 2017. Det er i første omgang ungdom i Kristiansund, Molde og Ålesund og dei kringliggande kommunane som får tilbod om å delta.

– Vi meiner dette er eit svært verdifullt tilbod. Ungdom som skriv, har få arenaer for å lære av profesjonelle utøvarar samanlikna med dei andre kunstuttrykka som musikk, dans og visuell kunst, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. Hun håpar at denne satsinga kan bidra til ei utvikling innan det litterære feltet i fylket.

– Eit kurs som dette kan vere det som tenner gnisten i eit ungt talent og gir tru på eigne evner, seier ho.