Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Har fordelt 736 000 kroner til frivillige verksemder

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Hilde Hernes Hovland Hilde Hernes Hovland
Kontorsjef
71 28 03 01 /
Mob. 932 32 914
Send e-post

Har fordelt 736 000 kroner til frivillige verksemder

Fylkeskultursjefen har fordelt prosjektilskott til frivillige verksemder for 2. halvår. Kulturavdelinga mottok 28 søknader, med ein total søknadsum på ca 1,8 mill. kroner.

Dei historiske spela i Møre og Romsdal har fått tildelt 120 000 kroner til eit samarbeidsprosjekt mellom Herøyspelet, Giskespelet, Fru Guri av Edøy og Lady Arbuthnott. Her er bilde frå Fru Guri. Foto: Wigdis Wollan

-Det frivillige engasjementet er stort i Møre og Romsdal, og kulturtilskota våre skal medverke til å fremme frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i fylket.

Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av at tilskota våre skal gå til tiltak og prosjekt med eit regionale nedslagsfeltet. Samtidig som vi er bevisst på at all aktivitet og engasjement skjer lokalt, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. 

Søknadene fylkeskommunen har motteke til behandling for 2. halvår, har stor variasjonen.  Dei spenner frå  tilskot til formidling av krigshistoria ved Tueneset kystfortforening i Ålesund, til Forbundet Kystens Landsstevne 2017 i Kristiansund. Det er gitt tilskot til fleire bøker, mellom anna bok om slaktehistoria på Nordmøre «Med kjøtt på beinet». Dei fire historiske spela i fylket har  fått tilskot til eit spanande fellesprosjekt kalla «Møre og Romsdal – Fylket der historien lever». 

Tilskota  er fordelt slik:

Søkar  Tiltak  Innvilga
Klimafestivalen § 112 i Molde og omegn, Molde Klimafestival i Molde 20 000
ADHD Norge Møre og Romsdal Formidlingskurs for barn og unge med ADHD 30 000
Molde Danseklubb, Molde Club Noise- ungdomsklubb 16 000
Tueneset kystfortforening, Ålesund "Flaggskip" Fase 1 - bevaring, vern og formidling av det krigshistoriske miljøet. 40 000
Mellemværftet farøyvernforening, Kristiansund Forbundet Kystens Landsstevne 2017 i Kristiansund 100 000
Vestnes Musikkverksted, Vestnes Rock on the Dock 2017 i Vestnes 30 000
Dei historiske spela i Møre og Romsdal Å utvikle eit nettverk for spel i Møre og Romsdal. Søknaden er eit samarbeidsprosjekt mellom Herøyspelet, Giskespelet, Fru Guri av Edøy og Lady Arbuthnott 120 000
Brystkreftforeningen Molde og omegn, Molde Fylkestreff for lokale brystkreftforeningar i Møre og Romsdal 25 000
Eva Røyrane as, Bergen Arbeid med bok om Klyngetunet - Landsbyen som blei borte 20 000
Andreas Sandvik, Kristiansund Bok om slaktehistoria i Kristiansund og på Nordmøre - "Med kjøtt på beinet" 30 000
Møre og Romsdal idrettskrets "Grenseløs idrettsdag" – blir arrangert i Kristiansund 15 000
Norges Fotballforbund Nordmøre og Romsdal Fotballkonferanse med mål om å heve kompetanse, og auke samhald og samarbeid mellom Nordmøre og Romsdal. 20 000
Bjørnsonfestivalen, Molde Nye tidebønner 40 000
Gertrud Aasebø Historisk skrift om Nordmøre Husmorskole 30 000
Samvirke SA v/Heidi Rognskog Mella Gjennomføring av konseptworkshop og mulighetsstudie i samarbeid med Snøhetta og interessenter 100 000
Teaterhjelpa Møre og Romsdal Forprosjekt eit historisk spel, «Atlanterhavsspelet», ved Atlanterhavsvegen sommaren 2017 100 000
Totalt fordelt:   736 000