Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Hjerneforskar til konferanse om kreativitet og læring i framtidas skole

Kontaktpersonar

Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post

Hjerneforskar til konferanse om kreativitet og læring i framtidas skole

Professor Kjeld Fredens argumenterer for at elevar lærer meir og betre viss heile kroppen – gjennom kunst og kultur – får meir plass i skolen. Når fylkeskommunen inviterer til Dialogkonferansen handlar det om nettopp å koble kultur og skole tettare saman.

Den danske hjerneforskaren og professor Kjell Fredens kjem til dialogkonferansen. (foto: Athenas)

Den 23. og 24. januar arrangerer Møre og Romsdal fylkeskommune til dialogkonferanse om kunst og kreativitet i framtidas skole i Molde. Den raude tråden er kor essensielt kultur er for læringa. Meld deg på her.

Den danske hjerneforskaren Kjeld Fredens, den engelske professoren Christine Hall og teaterpedagog Nina Andresen-Borud er blant dei som deltek på konferansen og er kritiske til  den tunge vektlegginga på teoretiske fag i skolen.

- Når skoler kuttar ned på dei såkalla praktiske, skapande faga til fordel for dei teoretiske, blir intelligensen til barn og unge innsnevra. Kunstnarlege aktivitetar tilfører nemlig ei anna form for tenking, som ikkje bare fremmer den kreative utviklinga, men samtidig har ein stor verknad på dei teoretiske faga, argumenterer Fredsen i den siste boka si ‘Læring med kropper forrest’.

Moderne hjerneforsking

-  Dialogkonferansen vil gi oss ny innsikt om kreativiteten si betyding for eleven si læring. Dette tek vi på alvor og inviterer til eit tettare samarbeid mellom skole og kultur, seier Camilla Wiik, som er koordinator for Den kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ho meiner vi må rigge skolen og samfunnet for å gi elevane kunnskapen dei treng for morgondagen og viser til læreplanen som seier at skolen skal la elevene utfalde seg i skaparglede, engasjement og utforskartrong.

- På konferansen ser vi på korleis vi kan gjere dette, mellom anna gjennom ordninga Den kulturelle skulesekken, forsett Wiik.

Kultur i skolesekken

Parallelt for Dialogkonferansen ‘Kunst og kreativitet i framtidas skule’ som er retta mot både kultur og skole går også fagdagar for Den kulturelle skulesekken, med visning av produksjonar, verkstad, kunstnartreff og ulike foredrag. Den kulturelle skulesekken gir norske barn kulturopplevingar som konsertar og framsyningar i skuletida i heile landet.

- For mange barn gir desse arrangementa i eit unikt møte med profesjonelle kulturuttrykk. Vi legg no opp til tettare samhandling mellom skulen og tilboda i Den kulturelle skulesekken. Derfor er dialogkonferansen eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda v/SEANSE og Kulturtanken, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.