Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Hugs å søke tilskot for verna fartøy innan 15. oktober

Kontaktpersonar

Anna Eline Eneberg
Rådgivar-museum og kulturarv
71 28 02 94
Send e-post

Hugs å søke tilskot for verna fartøy innan 15. oktober

Møre og Romsdal fylkeskommune og Riksantikvaren gir i år ut tilskot til vedlikehald av listeførte fartøy i fylket, gjennom ordninga Samarbeidsrådet for Vest og Sørlandet (SAVOS). Søknadfristen for i år er 15. oktober.

Brannskøyta «Slukk II» ved Mellemværftet i Kristiansund. Foto: Anna E. Eneberg, Møre og Romsdal fylkeskommune

Kven kan søke?

SAVOS- ordninga er retta mot fartøy i fylket, som er verna eller freda av Riksantikvaren. I år ønsker vi at fleire eigarar søker om midlar, slik at historiske fartøy kan bli bevart for ettertida. Sidan 2016 har fartøy og båtlag fått tilskot gjennom ordninga. Ordninga går ut på at Møre og Romsdal fylkeskommune og Riksantikvaren  går inn med halvparten av tilskotsmidlane kvar.

Tilskot til eldsjeler av fartøyvern

Her i Møre og Romsdal har vi ei rik kystkulturhistorie, med eit mangfald av fartøy. For eksempel fiskefartøy, losskøyter, ferjer, passasjerbåtar og fangstskuter. Men desse er ikkje ei sjølvfølge utan eldsjelene som brukar mykje tid, pengar og krefter på å halde dei ved like. Tilskotet som eigarane kan søke på i år, er derfor ei støtte inn mot fartøyvernet.

Ønsker du ei vernevurdering?

Dersom du eig eit fartøy som kan vere verneverdig, kan du ta kontakt med ein saksbehandlar ved kulturavdelinga, seksjon for kulturvern, eller direkte med Riksantikvaren.

Kor kan du søke?

For å få søknaden vurdert, skal du bruke dette søknadsskjemaet: https://regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx?Ordning_Id=1409&Cookie=0  

Merk deg feltet «viktig informasjon» før du fyller ut skjemaet. Om du har spørsmål til korleis du registrerer seg som brukar, kan du gå inn på: http://support.regionalforvaltning.no/support/home