Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > I dag startar lesekampanjen Sommarles

Kontaktpersonar

One Marthe Jostad Vik One Marthe Jostad Vik
Bibliotekrådgivar
71 28 05 07
Send e-post
Annette Elin Koch Annette Elin Koch
Fylkesbiblioteksjef
71 28 05 03 /
Mob. +47 41455913
Send e-post

I dag startar lesekampanjen Sommarles

Frå og med i dag kan alle barn i  1. - 7. klasse i Møre og Romsdal vere med på Noregs kulaste lesekampanje. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie

www.sommarles.no varar frå 1. juni til 31. august

 I fjor deltok over 300 kommunar og 58 963 barn over heile landet, i år er det 370 kommunar som deltek.

–Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og vi veit at det er mange som brukar sommarferien sin til å lese spanande og artige bøker, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

For å delta må barna lage seg ein profil og registrere alt dei les i perioden. –Vi håpar flest muleg barn i Møre og Romsdal stikk innom sitt lokale bibliotek for å vere med på Sommarles. Barna kan både få digital trofé og kule premiar , seier rådgivar ved fylkesbiblioteket One Marthe Vik.

Slik deltek du på Sommarles

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida www.sommarles.no
  • Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (erfaringspoeng) for kvar lesne side.
  • Sommarles er for barn i 1. - 7. klasse og  varar frå 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og eit spel der dei får løyse oppgåver knytt til forteljinga.
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket
  • Sommarles er utvikla av  biblioteka i Vestfold, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS.
  • Sommarles blir i 2018 leia av Telemark fylkesbibliotek, Finnmark fylkesbibliotek og Snuti ANS.

 

Les meir på   www.sommarles.no