Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Idrettsstipend til Silje, Toralv og Vestnes-Varfjell IL, kampsport

Kontaktperson

Marit Nerås Krogsæter
leiar i kultur- og folkehelseutvalet
mob. 918 32 844

Idrettsstipend til Silje, Toralv og Vestnes-Varfjell IL, kampsport

Kultur og folkehelseutvalet vedtok i dag å tildele idrettsstipend for 2018 til to unge talentfulle utøvarar, Silje Knutsen Kippernes (22) frå IL Braatt og Toralv Opsal (20) frå Dimna IL. Vestnes-Varfjell IL avdeling kampsport fekk tildelt klubbstipend.

Foto: privat. Toralv Opsal er glad mottaker av idrettstipend.

-Idrettsstipendet vart første gong delt ut i 2017, og er ei ordning som skal vere med å gje utøvarar og klubbar moglegheit til å utvikle seg vidare og halde fram satsinga si. Det er derfor veldig kjekt å kunne dele ut stipend til to talentfulle ungdomar og til ein aktiv klubb, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

Totalt fem mottakarar

Stipenda som går til utøvarane er på 40.000 kroner til kvar, og skal gå til ein kvinneleg og ein mannleg utøvar i alderen 15-22 år. Samstundes blir moderklubben påskjønna med 10.000 kroner.

I tillegg ønsker utvalet å støtte opp om klubbar som viser eit høgt aktivitetsnivå og god drift med eit stipend på 50.000 kroner.

Bilde av Silje Knutsen Kippernes i brytekamp

Foto: privat. Silje Knutsen Kippernes, her i aksjon på brytematta i rød drakt.

-Målet med ordninga er å gje inspirasjon og motivasjon til unge utøvarar og klubbar til å utvikle seg vidare. Samtidig ønsker ein også å behalde utøvarane så lenge som mogleg i fylket, fortel Krogsæter. 

Idrettsstipendet vart utlyst i slutten av april, med søknadsfrist 20. mai. Då fristen gjekk ut, var det til saman 25 individuelle utøvarar og 4 klubbar som hadde søkt om stipend. -Ordninga er framleis fersk, så vi er nøgd med antall søknader, men ønsker oss gjerne fleire, og spesielt søknader frå klubbar, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.  

Idrettsstipend 2018 er tildelt slik:

Kvinneleg utøvar:
Silje Knutsen Kippernes, bryting, tildeles 40 000 kroner
IL Braatt mottek 10 000 kroner som moderklubb til Silje
 
Mannleg utøvar:
Toralv Opsal, Friidrett, mangekamp, tildeles 40 000 kroner
Dimna IL mottek 10 000 kroner som moderklubb til Toralv
 
Klubb:
Vestnes-Varfjell IL avdeling kampsport tildeles 50 000 kroner

Vurdering

Møre og Romsdal idrettskrets har vore sentral samarbeidspart for fylkeskommune i vurderinga av søknadane. I samsvar med statuttane er det lagt særleg vekt på følgande i vurderinga for utøvarar:
- Utøvarens prestasjonar regionalt, nasjonalt eller internasjonalt det siste året
- Utøvarens utviklingsmoglegheiter
- Dokumentasjon på gjennomført «ren utøver» kurs frå Antidoping Norge.

For klubbar er følgande vektlagt:
-Klubben viser til god drift og høgt aktivitetsnivå
-Klubben kan vise til gode resultat regionalt, nasjonalt eller internasjonalt det siste året
-Dokumentasjon på gjennomført «rent idrettslag» frå Antidoping Norge.

Stipenda blir delt ut på fylkestinget i Ulsteinvik 18.-19. juni.