Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Jenteløftet i fotballen: skal få fleire jenter til å spele lengre

Kontaktpersonar

Rigmor Hustad Holen Rigmor Hustad Holen
Seksjonsleiar
71 28 04 23 /
Mob. 930 06 726
Send e-post

Jenteløftet i fotballen: skal få fleire jenter til å spele lengre

Møre og Romsdal fylkeskommune har initiert prosjektet "Jenteløftet i fotballen i Møre og Romsdal 2018 – 2020". 

Jenteløftet for fotballen i Møre og Romsdal er i gang, og kretslaget til Sunnmøre fotballkrets er blant framtidas jentespelarar. Her er dei klare for å sette jentefotballen på dagsorden, saman med leiar for Nordmøre og Romsdal fotballkrets Are Lervik til venstre bakerst, og Sunnmøre fotballkrets sin leiar Bjørn Oskar Haukeberg til høgre. Leiar for seksjonen for folkehelse og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Rigmor Hustad Holen (midt i bildet), er glad for at fylkeskommunen prioriterer dette prosjektet. 

Foto: Sunnmøre fotballkrets

Fylkesrådmannen har sett av 500 000 kroner  per år i perioden 2018-2020 til prosjektet. Sentrale samarbeidspartar er Nordmøre og Romsdal fotballkrets, Sunnmøre fotballkrets og Møre og Romsdal idrettskrets. I vinterferien har kretslaga til Sunnmøre fotballkrets og Nordmøre og Romsdal fotballkrets turnering for J14 og J15. 

Vil endre haldningane til jentefotball

Jenteløftet har som mål å få fleire jenter til å spele fotball lengre. Der ein av fem gutar i fotballen forsett å spele etter fylte 16 år, er den same delen for jenter ein av ti. 

Prosjektet skal også medverke til å skape varig endring i haldningar til jentefotball og det skal bli kunnskap om jentefotball. Det er også eit mål å få fleire jenter til å ta trenarkurs og  fleire jenter engasjert på leiarnivå.

Manglar topplag

Møre og Romsdal har i 2017 hatt tre mannlege eliteserielag, noko som er unikt i landet. Blant kvinnene har vi fem kvinnelag på nivå tre, og ingen lag på dei to øvste nivåa i Noreg.

Fotballen er ein viktig identitetskaper

- Dersom fleire jenter fortsett å spele fotball, kan det bidra til sterkare forankring i lokalmiljøa. For desse jentene kan eit godt tilbod bremse flytting frå fylket, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.