Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Korleis kan vi bidra til meir fysisk aktivitet?

Kontaktpersonar

Therese Thue Hvattum Therese Thue Hvattum
Rådgivar folkehelse, idrett og fysisk aktivitet
71 28 04 22 /
Mob. 997 89 781
Send e-post

Dokument

Korleis kan vi bidra til meir fysisk aktivitet?

På oppdrag frå fylkeskommunen har Møreforsking gjennomført ei pilotundersøking om bruken av seks ulike anlegg for fysisk aktivitet i Molde. ­-Undersøkinga skal gi kunnskap slik at vi kan vurdere korleis spelemidlane betre kan nå særleg prioriterte målgrupper her i fylket. Men også korleis vi kan bidra til å auke fysisk aktivitet som er eigenorganisert, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. 

Folkehelsekoordinator Ingvil Grytli og idrettskonsulent Tore Birkeland i Molde kommune, saman med rådgivar Therese Thue Hvattum i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

-Fleire og fleire driv eigenorganisert aktivitet, og kunnskap om dette er viktig for å legge til rette for fysisk aktivitet for alle. Det finst ein del kunnskap om organisert aktivitet, men mindre om eigenorganisert aktivitet. Dette veit vi no meir om, seier Wedlog Olsen.

Friluftsanlegg er mest brukt

Datainnsamlinga vart gjort i hausten 2017, til ulike tidspunkt på døgnet. Det vart gjennomført teljingar av alle brukarane av anlegga, og det vart delt ut spørjeskjema.

Undersøkinga viser at turstien rundt Øverlandsvatnet er anlegget som blir mest brukt av dei seks anlegga. Anlegget er også mest brukt av personar med nedsett funksjonsevne, og dei som opplever å ha dårleg økonomi. Turstien er universelt utforma og kan bli brukt som utgangspunkt for lengre turar i Moldemarka.

Jungelanlegg og turnbasseng er populært for dei yngste

Uteområdet ved Kvam skole med jungelanlegg og turnbasseng, var dei anlegga som var mest populær for dei yngste i og utanfor skoletida. Turnbassenget inneheld mange ulike turnapparat. Dette er opne anlegg og fleire av apparata passer også for vaksne. Dei anlegga som appellerer til ungdom og unge vaksne (16-39 år) er uteområdet ved Idrettens hus og rulleskianlegget på Skaret.

Vidare arbeid

Funna i rapporten er i samsvar med tidlegare forsking. Turvegar og turstiar i skog og mark er dei anlegga som mest blir brukt i Noreg, og er også dei som flest ønsker å bruke meir.

-Dette er viktig kunnskap for vidare planlegging innan eigenorganisert aktivitet i kommunen.  Rapporten seier også noko om tilrettelegging i dei ulike anlegga vi allereie har. Dette er noko vi tar med oss i arbeidet vidare, seier folkehelsekoordinator Ingvil Grytli og idrettskonsulent Tore Birkeland i Molde kommune.

Treng meir forsking

-Rapporten gir eit større kunnskapsgrunnlag, sjølv om det framleis vil vere behov for meir kunnskap om dei særleg prioriterte målgruppene. Då vil vi få betre innsikt i kva anleggstypar som kan bidra til å auke aktivitetsnivået i befolkninga. Også hos personar med nedsett funksjonsevne, innvandrarar og dei som opplever å ha dårleg økonomi, rådgivar Therese Thue Hvattum i Møre og Romsdal fylkeskommune.