Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Maria Haukås
Rådgivar
71 28 03 12 / Mob. 900 96 919
Send e-post

Dokument

Førebels program Kulturtorget 2018
PDF-dokument - 298,02 kB

Kulturtorget 2018 - påmelding

Kulturtorget blir arrangert 24.-25.januar 2018.

Konsert med Hanne Kolstø opnar årets Kulturtorg. Foto: Lars petter Storaker

Kulturtorget er den viktigaste møte- og visningsarena for Kultursekken i Møre og Romsdal (Den kulturelle skolesekken).

Over to innhaldsrike dagar får du som deltakar kulturopplevingar innan musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film og visuell kunst som er aktuelle for turné i Kultursekken skuleåret 2018-2019. I tillegg blir det gjennomført eit nettverksmøte for kommunekontaktene og kulturkontaktene.

Som deltakar på Kulturtorget blir du ekstra rusta til å ta imot Kultursekken på eigen skule, både gjennom å ha sett mange produksjonar og gjennom nettverksbygging og fagleg påfyll.

Kulturtorget 2018 vil vise produksjonar for grunnskule og videregåande skule.

Få Facebooksida til Kultursekken er det ein Ventekalender for Kulturtorget der vi legg ut programpostane.

Påmeldingsskjemaet er stengt. Kontakte oss per telefon eller epost for etteranmelding.

Ofte stilte spørsmål:

Opning av Kulturtorget onsdag 24.januar:

Stad: Bjørnsonhuset/ Scandic Seilet
Registrering frå kl 10:00
Opningsforestilling med Hanne Kolstø kl 10:30 (kan bli endra)

Parkering:

Bruk parkeringstunellen i Molde sentrum ved Molde Domkirke, det er særs få parkeringsplassar ved Scandic Seilet. Det tar ca 15 minutt å gå frå parkeringstunellen til Seilet, sjå kart her.

Prisar (med forbehold om evt. endringar):

Deltakaravgift for nettverket i Møre og Romsdal: 1500,-
Deltakaravgift for nettverket utanfor Møre og Romsdal: 2500,-
Enkeltrom: 23.-24.januar (kun frokost): 960,-
Dobbeltrom: 23.-24.januar (kun frokost): 1160,- pr.pers.
Enkeltrom: 24.-25.januar (inkl. alle måltid): 2020,-
Dobbeltrom: 24.-25.januar (inkl. alle måltid): 1650,- pr.pers.
Middag 24.januar for dei utan overnatting: 395,-
Dagpakke for dei utan hotellovernatting 24.januar: 480,-
Dagpakke for dei utan hotellovernatting 25.januar: 430,-

Kulturavdelinga dekkjer utgiftene for dei vidaregåande skulane.

Påmelding er bindande, og faktura for deltakaravgift blir sendt ved avbud.