Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Litteraturfestivalar får pengestøtte

Kontaktpersonar

Heidi Drageseth
Bibliotekrådgivar
71 28 05 06
Send e-post

Litteraturfestivalar får pengestøtte

Med festivalsesongen like om hjørnet, deler fylkespolitikarane i Møre og Romsdal ut totalt 770.000 kr til dei regionale litteraturfestivalane Bjørnsonfestivalen, Dei nynorske festspela, Vårsøghelga og Åram pluss.

Bjørnsonfestivalen har base i Molde og Nesset og får 450.000 kr i tilskot. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

-  Alle desse festivalane har stort mangfald og høg kvalitet og stimulerer til engasjement og nye formidlingsformer. Med tilskota ønsker vi å bidra til at festivalane kan vidareutvikle og skape ny aktivitet i heile fylket, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Dette er festivalane som får støtte:

Bjørnsonfestivalen er ein av Noregs største litteraturfestivalar med base i Molde og Nesset. Festivalen skal styrke litteratur, skrivekunst og fremme frie ytringar. Festivalen vert arrangert 5.–9. september og har i tillegg omfattande heilårsdrift i samarbeid med åtte romsdalskommunar. Får 450.000 kr i tilskot

Dei nynorske festspela er ein mellomstor litteratur- og musikkfestival om språk og litteratur i vid tyding, og den einaste festivalen for skriftkultur i Noreg. Hovudarenaen er i Ivar Aasen-tunet, men Festspela viser igjen på 15–20 scener i Ørsta og Volda. Kvart år set ein ny festspeldiktar sitt tydelege preg på den litterære sida av programmet. Festspela vert arrangert 13.–16. juni. Får 150.000 kr i tilskot

Vårsøghelga tar vare på og utviklar lokale musikk- og kulturopplevingar og stimulerer til nyskaping innan litteratur, musikk og dans. Vårsøghelga har fått namnet sitt etter diktet «Vårsøg» av Hans Hyldbakk og som tonesett Henning Sommerro. Vårsøghelga har eit regionalt nedslagsfelt, og ønsker å gi publikum unike kunst- og kulturopplevingar. Arrangementet går av stabelen 24.–26. mai i Surnadal. Får 120.000 kr i tilskot

Nykomaren Åram pluss er ein årleg musikk- og litteraturfestival som vert arrangert på Åram i Vanylven. Festivalen skal formidle gode kulturopplevingar til folk i alle aldrar og bidra til kulturelt mangfald i regionen med musikk og litteratur av høg kvalitet. Festivalen har i tillegg fått tilskot frå Kulturrådet øyremerka komponisthonorar til Nils Økland for tingingsverket «Vanylvsgapet». Verket skal urframførast ved festivalopninga. Får 50.000 kr i tilskot.