Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Nærmiljøprosjekt frå Møre og Romsdal i nasjonal konferanse

Kontaktpersonar

Sigri J Spjelkavik Sigri J Spjelkavik
Rådgivar folkehelse
71 28 03 04 /
Mob. 953 38 348
Send e-post

Nærmiljøprosjekt frå Møre og Romsdal i nasjonal konferanse

Over to dagar har 300 deltakarar frå 40 kommunar og 8 fylke deltatt på erfaringskonferanse i Stavanger om folkehelse, nærmiljø, trivsel og livskvalitet.

Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen opna dag to av avslutningskonferansen i Stavanger. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Sidan 2015 har Møre og Romsdal fylkeskommune deltatt  i det nasjonale prosjektet ‘Nærmiljø- og lokalsamfunn som fremmar folkehelse’, i lag med seks kommunar og Høgskulen i Volda som samarbeidspart.

Nyleg vart erfaringar frå det fire år lange prosjektet delt på avslutningskonferansen i Stavanger.

Volda, Ørsta og Ulstein kommunar var blant dei som heldt innlegg og Sunndal kommune deltok i paneldebatt.

Fått meir kunnskap om livskvalitet

I eit foredrag fortalte Randi Bergem frå høgskulen i Volda at prosjektet har bidratt til at det er lettare å sjå samanhengar i det lokale folkehelsearbeidet. Eit anna funn er at kommunane har fått meir kunnskap frå innbyggarane om kva som skaper trivsel og livskvalitet i nærmiljøet.

Det er Høgskulen i Volda som står for evalueringa av det nasjonale prosjektet som skal vere ferdig våren 2019.

Til våren vil også fylkeskommunen publisere eit eige erfaringshefte som omfattar ei regional evaluering av prosjektet i Møre og Romsdal. Fylkeskultursjefen Heidi-Iren Wedlog Olsen meiner Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt god erfaring med å delta i prosjektet og ser stor verdi i det nære samarbeidet som har vore med kommunar og høgskolemiljøet.

- Helsefremmande nærmiljø og lokalsamfunn er også viktig for å styrke sosial bærekraft, og for å oppfylle den sosiale dimensjonen av FNs berekraftsmål, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune er Sigri J. Spjelkavik.

Dette er kommunane som har delteke frå fylket og deira prosjekt

Møteplassar i Giske kommune
Giske kommune har arbeidd for å auke forståinga for og kompetansen på medverknad i kommunen og blant innbyggjarane. Andre målsettingar har vore å styrke kommunen som samspelskommune,  få betre oversikt over folkehelseutfordringane og få nærmiljøa og lokalsamfunna til å ta meir aktiv del i styring og utvikling. Møteplassar har vore ein raud tråd i arbeidet.

Prosjektleiar i Giske kommune er Torill Valderhaug

Ørsta kommune – medverknad med barn og unge
Ørsta kommune har ønska å styrke barn og unge sin medverknad i spørsmål om oppvekstmiljø i kommunane.

Hovudmålet i prosjektet har vore:
- Å utvikle og eller teste ut metodar for korleis barn og unge kan medverke.
- Å kartlegge nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar folkehelse for barn og ungdom ved hjelp av metodane

Prosjektleiar i Ørsta kommune er Ingvild Endal

Volda kommune – medverknad med barn og unge
I nærmiljøprosjektet har Volda kommune valt å fokusere på barn og medverknad. Kommunen er opptekne av korleis barn og unge vil ha det i kommunen i framtida, og har arbeidd med ulike delprosjekt knytt til samfunnsplanen i kommunen. I 2018 har leike- og aktivitetsområda i kommunen vore eit viktig tema.

Prosjektleiar i Volda kommune er Regine Solberg Aklestad 

Ulstein kommune – skulen som møtestad
Kva meiner lokalbefolkninga det er som skapar meir fysisk aktivitet og sosialt samvær ved uteområda på skulane? Prosjektet Skulen som møtestad vil kartlegge korleis skulane sine uteområde vert brukt og finne ut kva lokalbefolkninga meiner gjev høgare trivsel gjennom ulike former for medverknad.  I tillegg har kommunen arbeidd med sentrumsparken.

Prosjektleiar i Ulstein kommune er Kjersti Vengen Jenssen

Sunndal kommune #trivselisunndal
I statusrapporten for folkehelse i Sunndal for 2015 blei mangel på uformelle møteplassar for heile befolkninga peikt på som ein av hovudutfordringane. Prosjektet ‘nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse’ opna for at kommunen kunne ta tak i denne utfordringa, og arbeide for å skape gode møteplasser for innbyggarane gjennom medverknad.

Prosjektleiar i Sunndal kommune er Peggy Ranheim

Ålesund kommune – folkehelseutfordringar på sonenivå
Ålesund kommune har arbeidd med at folkehelserapportar i sterkare grad kan identifisere folkehelseutfordringar i geografisk avgrensa område. På den måten kan kommunen få eit enda betre grunnlag for å planlegge og ta gode avgjerder og prioriteringar i folkehelsearbeidet.

Presentasjonane frå konferansen leggast ut her https://www.godelokalsamfunn.com/