Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > No kan unge idrettsutøvarar og klubbar søke stipend

Kontaktpersonar

Therese Thue Hvattum Therese Thue Hvattum
Rådgivar folkehelse, idrett og fysisk aktivitet
71 28 04 22
Send e-post

No kan unge idrettsutøvarar og klubbar søke stipend

Unge idrettsutøvar mellom 15 og 22 år, som kan vise til gode prestasjonar innan idrett, kan no søke stipend. Dette gjeld også klubbar i fylket som kan vise til god drift og høgt aktivitetsnivå. 

Illustrasjonsfoto: Molde vgs

Den totale ramma for idrettsstipendet er 150 000 kroner. Eit stipend skal gå til ein kvinneleg utøvar og eit stipend til ein mannleg utøvar, som kvar vil få 40 000 kroner.

Utmerking  for god drift og høg aktivitet

10 000 kroner skal gå til moderklubben til utøvarane. I tillegg blir det delt ut eit stipend på 50 000 kroner til ein klubb i fylket som kan vise til god drift og høgt aktivitetsnivå. Det kan også vere klubbar som viser til gode resultat regionalt, nasjonalt eller internasjonalt.

Idrettsfylket

–Møre og Romsdal er eit idrettsfylke med mange gode idrettsutøvarar, både individuelle og i lagidrettar. Vi har også mange klubbar som viser god drift og gode prestasjonar. Stipenda vil både vere ei utmerking for dei det gjeld, og gje ekstra spelerom økonomisk,   seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Inspirasjon og motivasjon

Formålet med ordninga er å gje inspirasjon og motivasjon til enkeltutøvarar eller individuelle utøvarar og klubbar til å utvikle seg vidare. Det vil også gje klubbar moglegheit til kompetansehevande tiltak eller innkjøp av utstyr. –Gjennom idrettsstipendordninga håpar vi å gje unge utøvarar moglegheit til å kunne utvikle seg, anten ved å delta på ulike samlingar, innkjøp av nytt utstyr eller delta i konkurransar nasjonalt og internasjonalt. Samtidig håpar vi også å kunne behalde dei unge utøvarane lenger i fylket, seier Therese Thue Hvattum, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune

Søknadsfrist 20. august

7. juni vedtok Kultur- og folkehelseutvalet den nye ordninga for idrettsstipend. –Alle som ønsker å søke, bør lese statuttane før dei fyller ut søknaden, seier Wedlog Olsen. Søknadsfristen vil i år vere 20. august. – Vi håpar mange utøvarar og klubbar søker på idrettsstipendet, avsluttar ho.  

Søknadskjema og meir informasjon finn du her: mrfylke.no/idrettsstipend