Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > No skal det bli lettare å søke om støtte til festivalar og kulturarrangement

Kontaktpersonar

Monica Kjøl Tornes Monica Kjøl Tornes
Ass. fylkeskultursjef
71 28 02 91 /
Mob. 971 95 375
Send e-post

No skal det bli lettare å søke om støtte til festivalar og kulturarrangement

Nye retningsliner for tilskot kan gi kulturlivet meir føreseieleg økonomi.

Kulturlivet kan gle seg over enklare støtteordning til festivalar og arrangement (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune).

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har nyleg vedtatt nye retningsliner for støtte til regionale festivalar og kulturarrangement.

- Formålet med ordninga er mellom anna å gjere kunst og kultur av høg kvalitet meir tilgjengeleg for flest mogleg og styrke grunnlaget for eksisterande og ny aktivitet. Vi ønsker også å stimulere til engasjement, mangfald og kvalitet i kunst- og kulturtilbodet i fylket, seier fylkeskultursjef i Møre og Romsdal fylkeskommune Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Festivalstøtte

Med den nye ordninga kan no fleire større aktørar søke på eitt- eller treårig tilskot til festivalar eller kulturarrangement. Festivalar og kulturarrangement som mottar offentlege tilskot frå kommune og/eller stat blir prioritert, i tråd med kulturlova som seier at stat, fylkeskommune og kommune skal gi kulturlivet føreseielege rammevilkår.

Ordninga gjeld for regionale festivalar og kulturarrangement for kulturarv, musikk, scenekunst, litteratur, visuelle kunstartar og film, samt idrett og fysisk aktivitet.

Forenkling

Det blir også enklare å søke. Alle tilskot til festivalar og kulturarrangement blir samla i eitt, både eitt- eller treårig støtte. Søknadsfristen for treårig støtte var i 1. juni 2018, men det vert opna for at regionale festivalar og kulturarrangement kan søke på eittårig støtte for 2019.

Søknadsfrist for den eittårige ordninga er 1. desember 2018. Meir informasjon på mrfylke.no