Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Økonomiske ringverkandar av kultur

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post

Økonomiske ringverkandar av kultur

Kor stor er dei økonomiske ringverknadane av kulturarrangement og kulturinstitusjonar i fylket sett opp mot den samla verdiskapinga? Det var temaet for oppstartsmøtet mellom fleire kulturaktørar, fylkeskommunen og analysefirmaet Samfunnsøkonomisk analyse fredag 08. juni, i Molde.

Samfunnsøkonomisk analyse skal gjennomføre ei første ringverknadsanalyse på kulturfeltet, med bakgrunn i tal og informasjon frå tre større kulturaktørar på Nordmøre. Kristiansund Kirke Kunst  Kulturfestival, Operaen i Kristiansund og Nordic Light Events AS. I tillegg skal dei fire historiske spel  Herøyspelet, Giskespelet, Lady Arbuthnott i Sunndal og Gurispelet på Smøla, vere med i analysen.

Samfunnsøkonomisk analyse har utarbeidd ein metode for å berekne ringverknadane som kulturelle aktivitetar i fylket kan ha. Det er tenkt at prosjektet skal vere ein pilot, og dersom metoden fungerer godt, skal denne bli brukt på andre kulturarrangement eller kulturaktørar i fylket. Målet med prosjektet er slik ikkje å berekne den totale økonomiske og samfunnsmessige verdien av kulturfeltet i Møre og Romsdal, men å ein metode for å berekne verdien av enkelte kulturverksemder.

På oppstartmøtet fekk representantar frå dei historiske spela og kulturaktørane i Kristiansund, ein gjennomgang av korleis Samfunnsøkonomisk analyse skal gjennomføre ringverknadsanalysen. Mellom anna ønsker ein svar på spørsmål som: Kor kjem dei besøkande frå? Har dei overnatta på staden? Er dei der spesifikt for å besøke det kulturelle arrangementet? Og har dei handla noko anna medan dei var der?

- Vi veit at kulturarrangement har ringverknadar i lokalsamfunna, men vi har ikkje hatt eit godt talmateriale til å bevise det. Vi håper at analysen kan talfeste dei viktige økonomiske og samfunnsmessige effektane kulturarrangement har,  fortel fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Planen er at analysen skal ligge føre i løpet av hausten.