Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Oppfordrar kunstnarar til å søke stipend

Kontaktpersonar

Ragnhild Holsvik Ragnhild Holsvik
Seksjonsleiar
71 28 04 79 /
Mob. 416 29 185
Send e-post
Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post

Oppfordrar kunstnarar til å søke stipend

Er du profesjonell kunstnar busett i Møre og Romsdal? Då kan du søke kunstnarstipend. Søknadsfristen er 31. januar 2018.

Fylkeskommunen oppfordrar kunstnarar om å søke stipend. Her frå utdelinga i 2016.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Den totale ramma for Kunstnarstipendet er 600 000 kroner.

- Støtte kan gi betre vilkår

Det skal delast ut eit arbeidsstipend på 200 000 kroner til ein kunstnar innan visuelle kunst. I tillegg skal 400 000 fordelast på fleire stipend innan alle sjangrar, inkludert visuell kunst.

-Vi er glade for å kunne dele ut eit større arbeidsstipend. Dette gjev fridom for kunstnaren til å  fordjupe seg i eit prosjekt. Vi ønsker å vere eit fylke der kunstnarar kan etablere seg, jobbe og ha gode vilkår, seier Camilla Wiik, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Fordjuping over tid

Formålet med ordninga er å fremje kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hos kunstnarar som bur og verkar i fylket. -Gjennom ordninga håpar vi å gje kunstnarar moglegheit til å fordjupe seg kunstfagleg over tid, slik at dei både kan heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt, og ha moglegheit til å arbeide med nyskapande utviklingsarbeid i sitt kunstfelt, fortel Wiik.

Nytt skjema

Det er laga nytt søknadsskjema og det er satt nye krav til vedlegga. Skjemaet er på våre heimesider og det er eit pdf-dokument som ein kan skrive inn i elektronisk. Skjema med vedlegg sendes inn som e-post til Møre og Romsdal Fylkeskommune. Nytt av året er også at ein ikkje lenger trenger å leggje ved budsjett når ein søker på arbeidsstipendet på 200 000 kroner.

Søknadskjema og meir informasjon finn du her