Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Over 81 millionar til idrettsanlegg i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post

Dokument

Nærmiljøanlegg
PDF-dokument - 363,33 kB
Ordinære anlegg
PDF-dokument - 376,78 kB

Over 81 millionar til idrettsanlegg i Møre og Romsdal

I dag tildelte kultur- og folkehelseutvalet 81,4 millionar kroner i spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal. Det er ein auke på om lag 6 millionar kroner frå 2017, og er ny rekordsum for Møre og Romsdal.

Fræna rideklubb har fått tildelt spelemidler på sitt anlegg

-Av dei 81,4 millionane, går 71,3 millionar kroner til ordinære anlegg og 10,1 millionar kroner til nærmiljøanlegg, fortel fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

118 søkarar får tilskot

Møre og Romsdal har den 7. høgste tilskotsramma i landet, og fekk i alt 288 spelemiddelsøknadar. Av desse vart 233 godkjent, og i dag vedtok kultur- og folkehelseutvalet å gi støtte til 118 av søknadane. Vedtaket er mellom anna basert på politiske prioriteringar, innspel frå kommunane og fylkesanleggsrådet.

Over 12 prosent av totalsummen går til 43 søknadar på nærmiljøanlegg, som er meint å vere allment tilgjengelege og for eigenorganisert fysisk aktivitet.

Av dei 75 søknadane på ordinære anlegg er 67 nye og 8 anlegg som har finansiering over fleire år. Ordinære idrettsanlegg er i hovudsak knytt til konkurranse- og treningsaktivitet for idrettsorganisasjonane.

Mangfald av anlegg

Blant anlegga som er prioritert er det eit stort mangfald. Nokre av dei som har fått støtte er Ørsta fleirbrukshall, Spjelkavik idrettspark (Vikabakkane), snøproduksjonsanlegg i Surnadal alpinsenter og skytebane i Kristiansund.

Stort behov for midlar

-Talet på søknader viser at behovet for anlegg til idrett og fysisk aktivitet fortsatt er langt større enn det vi har midlar til. Sjølv om vi er nøgd med auken i årets tildeling av spelemidlar, ønsker vi oss alltid fleire godkjente søknadar, då dette påverkar den samla tildelinga til Møre og Romsdal, avsluttar Wedlog Olsen