Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Profesjonelle kunstnarar fekk reisestipend

Kontaktpersonar

Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post

Profesjonelle kunstnarar fekk reisestipend

For første gong har Møre og Romsdal fylkeskommune delt ut reisestipend til profesjonelle kunstnarar. Stipendet skal bidra til kunstnarleg utvikling.

Karin Augusta Nogva er ei av dei som fekk reisestipend. Til våren blir det studietur til Japan. (Foto: Ingeborg Refnes)

Nyleg fordelte fylkeskommunen 100.000 kroner til fire kunstnarar. Karin Augusta Nogva frå Ålesund fekk det største stipendet, på 45.000 kr.

- Dette er utruleg gledeleg! Støtta gjer at det er mogleg for meg å ta ei studiereise til Japan, slik at eg kan få meir innsikt i og forståing av den japanske kulturen. Ei slik studiereise vil vere svært nyttig for å revitalisere arbeidet mitt, seier Karin August Nogva.

Nogva har i mange år arbeida med eit formspråk som har fellestrekk med formspråket i Austen, og ho ønsker å forske vidare på dette. Ho er særleg interessert i det seremonielle og kategami, japansk papirutskjering. Til våren går turen til Tokyo, Kyoto og Nara.

I tillegg til Nogva, fekk også desse kunstnarane reisestipend:

Elida Brenna Linge (Valldal), designar: 25.000 kr for prosjektet  «Artist book» om ein plommehage i Linge.

Bjørn Vatne (Ålesund) forfattar: 15.000 kr til kunstnaropphald i Fleinvær for å skrive på oppfølginga av boka ‘Nullingen av Paul Abel’.

Runar Tafjord, (Ålesund) musikar: 15 000 kr til opphald til USA, for å studere komposisjon og arrangement.

Stipendet er ei prøveordning