Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Seanse lyser ut kunstnaropphalda for 2018

Seanse lyser ut kunstnaropphalda for 2018

Seanse – senter for kunstproduksjon i Volda, lyser ut kunstnaropphalda for 2018. Søknadsfristen er 1. mars.

Hos Seanse får kunstnarar ei veke med inspirasjon, kunstfagleg utveksling og rettleiing frå fagstab. 
Foto: seanse.hivolda.no

Seanse arrangerer kunstnaropphald i juni og oktober, der dei støttar kunstproduksjonar under utvikling. Tid, utstyr, rom, rettleiing og møte med andre kunstnarar er noko av det deltakarane får tilgang til.

Meir om påmelding finn du her

Seanse arbeider for at alle barn og unge skal kunne oppleve og uttrykke seg gjennom kunst. I tillegg til kunstnaropphald arrangerer dei seminar, kunstverkstader og konferansar. Dei er lokaliserte ved Høgskulen i Volda, og er finansiert av Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet via Norsk kulturråd, Høgskulen i Volda og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dei har også teke initiativ til og leier den nasjonale satsinga om å bringe Teaching Artist-arbeid til Norge, og har samarbeid med internasjonale aktørar.

- Møre og Romsdal fylkeskommune er med dette med på å utvikle betre kunst for og med barn og unge, og vi ser fram til å følge Seanse vidare, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.  

Kunstnarar seier:

– Dette oppholdet gav oss en rakettstart på prosjektet, vi fikk jobbet så konsentrert og det virkelig samlet oss som et team.
– Kjempehopp i realiseringen av prosjektet – samkjøring av finansiering og avtale om spilling – Fantastisk tilbud!