Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Seks verneverdige fartøy får pengestøtte

Kontaktpersonar

Arve  Nytun Arve Nytun
Arkeolog/Rådgivar
71 28 03 25 /
Mob. +4795707431
Send e-post

Seks verneverdige fartøy får pengestøtte

Rapp, Thorolf, Norden og tre andre verna båtar får til saman  875.000 kr til vedlikehald og istandsetting.

Det vesle dampskipet Thorolf er eitt av fartøya som får støtte til vedlikehald. (Foto: Trine Lise Wahl, Riksantikvaren)

Nyleg fordelte kultur- og folkehelseutvalet støtte til verna fartøy. Dette er fjerde gong fylkeskommunen køyrer denne ordninga i samarbeid med Riksantikvaren.

-Vi er glade for at vi kan dele ut tilskot til seks fartøy. Dei har alle ein viktig kulturhistorisk verdi for fylket vårt. Fartøya som får støtte, er allereie verna, og har eit godt støtteapparat ikring seg. Samstundes er det viktig at tiltaka for å sette i stand fartøya er realistiske og kan gjennomførast, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

På vernelista

Av totalt sju søkarar har fem fått tilskot til å sette i stand og vedlikehalde fartøy. Fylkeskommunen og Riksantikvaren bidreg med halve tilskotsummen kvar, slik at den totale summen for  2019 i år vart 875 000 kroner.  I tillegg har eit fartøy fått tildelt 150 000 kroner av midlar som vart omprioriterte frå  2018.

For å kunne søke om tilskot må fartøyet stå på verneliste til Riksantikvaren.

Desse har fått tilskot for 2019:

Norden (Eide) får 355 000 kr

Hindholmen (Ulsteinvik) får 110 000 kr

Rapp (Kristiansund) får 85 000 kr

Thorolf (Sula) får 165 000 kr

Bilfergen (Ålesund) får  160 000 kr

Slukk (Kristiansund) frå 150 000 kr som er omprioriterte frå 2018.