Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Skal lage litterære pusterom

Kontaktpersonar

Åshild Widerøe
Rådgivar
71 28 05 02
Send e-post

Skal lage litterære pusterom

Møre og Romsdal fylkesbibliotek har saman med Trøndelag fylkesbibliotek fått tildelt 3 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen SMN til å lage eit heilt unikt litteraturtilbod for folk som ikkje les så mykje elles.

Fylkesbiblioteksjef Annette Koch og regionbanksjef Marita Løvik Stadsnes i SpareBank 1 SMN frå lanseringa av Litterære pusterom. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Prosjektet heiter «Litterære pusterom – Shared reading for større livskvalitet.» Det skal gå over tre år og teste ut ein ny metode kalla shared reading. Eit mål er at alle komunar etterkvart skal tilby det litterære tiltaket.

-  Vi trur at  «Shared reading» vil engasjerer folk. Målet vårt er at metoden skal føre til meir lesing, meir leseglede og meir livskvalitet, seier Åshild Widerøe, som leier prosjektet, i fylkesbiblioteket.

Metoden er enkel. Den går ut på å lese ei skjønnlitterær tekst høgt i ei gruppe, for så å ha ein samtale om teksten etterpå. Det er ein leseleiar som styrer gruppa. Først les gruppa ei novelle, så eit dikt. Fokuset i samtalen er ikkje på litterær analyse, men på opplevinga av teksten og felles undring. Målet er ikkje å komme fram til ei felles tolking, men å bringe inn forskjellige perspektiv og opplevingar av teksten, slik at lesarane utvidar opplevinga for kvarandre. Lesarane les for å bli klokare på seg sjølve – og andre.

Ei nyvinning

Planen er å utdanne leseleiarar som kan leie dei litterære pusteromma på bibliotek, institusjonar og lågterskel-møteplassar, gjerne også på videregåande skular i samarbeid med skulebiblioteka.

- Vi har tru på nyvinninga. Vi trur at vi med dette skal nå ut til eit mangfald av deltakarar, inkludert folk som ikkje har lese mykje frå før. No treng vi mange dedikerte leseleiarar, som får opplæring og rettleiing av oss, seier rådgivar Åshild Widerøe, som er prosjektleiar, i fylkesbiblioteket.

Både leiar for fylkesbiblioteket, Annette Elin Koch, og Widerøe er svært fornøgde.

 – Det betyr enormt mykje for oss å få støtta frå Sparebankstiftelsen. No kan vi ta i bruk ein heilt ny metode for å gi folk gode litteraturopplevingar, seier Koch.

– Dette er både bra kulturarbeid og ein viktig folkehelseinnsats. Å gjere god litteratur lett tilgjengeleg gjennom fine møtestunder må bli bra. Vi gler oss til å gå i gang, sier Widerøe.

Styreleiar i Sparebankstiftelsen SMN Anne-Brit Skjetne grunngir gåva med å få fleire til å finne verdi i å lese bøker. Styre i stiftinga har tru på at prosjektet som baserer seg på metoden Shared Reading, er ein metode som vil gi denne effekten.

Søker nye samarbeidspartnarar

Folkebiblioteka blir viktige medspelarar i prosjektet. I tillegg håpar dei at vidaregående skular, helseinstitusjonar, utdanningsinstitusjonar og frivillige organisasjonar kan bli gode samarbeidspartnarar. Dei ønsker også at dette skal bli ei nasjonal satsing, der Nasjonalbiblioteket og andre nasjonale aktørar kan vere gode medspelarar.

Målet er at alle kommunar i Møre og Romsdal og Trøndelag skal tilby Litterære pusterom i løpet av prosjektperioden, og etablere det som varige tilbod, og at dette blir ei nasjonal satsing.