Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Søk støtte til «Frivillighus - arbeidsfelleskap for frivilligheita»

Kontaktpersonar

Anna Lianes
Rådgivar - STAB - Kulturavdelinga
71 28 03 07 / Mob. 992 98 395
Send e-post

Søk støtte til «Frivillighus - arbeidsfelleskap for frivilligheita»

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer regionale frivillige lag og organisasjonar til å søke støtte til utvikling av "Frivillighus".

Illustrasjonsfoto: pixabay

Målet med utlysinga er å etablere arbeidsfellesskap eller samlokalisering som skal bidra til eit utviklande miljø for frivillige organisasjonar. Møre og Romsdal fylkeskommune vil støtte inntil to pilotprosjekt og den totale ramma er på inntil 300 000 kroner. 

Kva er eit «Frivillighus»?

"Frivillighus" kan vere samlokaliserande tiltak som til dømes kontorfellesskap og arbeidsfellesskap, men også meir innovative former for arbeidsfelleskap som til dømes digitale flater vert vurderte. Det same gjeld utvikling av allereie eksisterande lokalitetar.

Kven kan søke?

Regionale frivillige lag og organisasjonar kan søke.

Kva kan det søkast støtte til?

Det kan søkast støtte til utprøving av pilotar i ein prosjektperiode på to år. Søkar må i søknaden presentere framdriftsplan og budsjett. Framdriftsplanen skal også vise korleis prosjektet skal leve vidare etter at pilotperioden er over. De kan søkast om støtte på inntil 300 000 kroner. Vi gir ikkje støtte til drift. 

Det vil verte lagt vekt på at prosjekta er sentrumsutviklande og har ein samlande funksjon. Prosjekt som skildrar digitale flater eller andre innovative former for arbeidsfellesskap, og prosjekt som viser utvikling av allereie eksisterande lokalitetar kor fleire organisasjonar jobbar saman, vert også vurderte.

Søknadsfrist er 29. juni 2018 og søknadsskjema finn de på regionalforvaltning.no. Støtteordninga ligg i høgre marg med tittelen Frivillighus – arbeidsfellesskap for frivilligheita.