Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > StikkUT! kåra til fylkets beste turrute

Kontaktpersonar

Petter Jenset Petter Jenset
Rådgivar friluftsliv
71 28 03 05 /
Mob. 922 34 244
Send e-post

StikkUT! kåra til fylkets beste turrute

StikkUT!-turane er premiert med kr 25.000 etter at dei er kåra til Møre og Romsdal sine beste turruter. Dermed er StikkUT!-turane også med i konkurransen om å vinne tittelen «Noregs beste turrute». Det er Gjensidigestiftelsen saman med Møre og Romsdal fylkeskommune som har teke initiativ til kåringa.

Eit av 63 900 turskilt  som er laga av StikkUT!
Foto: Cecilie Buaas

Det pågår for tida ei nasjonal kåring av dei beste turrutene i landet. I sommar har det vore gjennomført ei kåring blant 100 nominerte på www.turrute.no. Turane som er kåra til fylkesvinnarar går vidare til landsfinalen i Bergen neste år.

- Arbeidet med StikkUT! er eit godt eksempel på korleis samarbeid mellom frivillige, det offentlege og næringsliv kan skape ei folkerørsle for ei betre folkehelse, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

StikkUT! er bygd opp rundt ei mengde turstiar rundt i heile fylket, som gjennom god organisering, stort lokalt engasjement og tilskot fra Turskiltprosjektet har blitt enda meir tilgjengeleg gjennom god skilting og merking. StikkUT! representerar mangfaldet av turar i Møre og Romsdal, og har eit målretta fokus på tilrettelegging i nærleiken av der folk bur.

Fra 2014 og fram til i dag, er StikkUT tilført kr 1.188.000 fra Turskiltprosjektet. Dette har gjort Friluftsråda i stand til å løfte kvaliteten på skiltinga av turmåla, og dermed bidratt til å senke terskelen for deltaking i friluftslivet.

-  Gjennom god forankring i kommunane, eit godt organisert nettverk av frivillige, forskning på effektar undervegs og god styring, har friluftsråda fått StikkUT til å utvikle seg og vokse i omfang, seier rådgivar Petter Jenset i Møre og Romsdal fylkeskommune

Tidenes spleiselag mellom fylkeskommunane, frivillige og ein stiftelse

Ambisjonen med Turskiltprosjektet har vore å gjere det enklare for folk flest å gå på tur i nærområdet sitt. Dei siste 4 åra har det i forbindelse med prosjektet blitt laga 63 900 turskilt og 7 300 informasjonstavler. Nær 100 000 frivillige arbeidstimar har gått med på å montere skilta, og det er søkt om over 10 300 løyver frå grunneigarar til å skilte og merke turruter over offentlig og privat eigendom.

 

-Vi håper StikkUT! lukkast med å gå heilt til topps i kåringa om «Noregs beste turrute», og vi følgjer spent med, seier fylkeskultursjefen