Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Stor satsing på kulturturisme og kulturarv i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Elin Kanck Lorentzen
Rådgivar
71 28 03 28 / Mob. 990 27 502
Send e-post

Stor satsing på kulturturisme og kulturarv i Møre og Romsdal

Kulturturisme skal bli heilårsnæring i fylket. 4. desember er det avspark for satsinga som skal bidra til å utvikle opplevingar og reiselivstilbod.

Elin Kanck Lorentzen, prosjektleiar, og fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen, inviterer til avspark for satsing på kulturturisme. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

-  Vi har adoptert regjeringa sitt mål om kulturturisme som heilårsnæring. No brettar vi opp ermane og startar arbeidet med skape verdiar av kulturarven; ta vare på og bruke han, seier kultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tysdag 4. desember inviterer ho til storstilt kick-off for verdiskapingsprogrammet ‘Ein bit av historia’ i Bergtatt opplevelser i Eide. Påmelding her

- Kva skal de få ut av denne satsinga?

- Vi skal jobbe for både samfunns- og næringsutvikling, betre folkehelse, fleire tilbod og opplevingar for buande og turistar, seier Wedlog Olsen.

Både næringsliv, kommunar, frivillige lag og foreiningar og privatpersonar er velkomne til avsparket. I 2019 blir det mogleg å søke om støtte til tiltak og prosjekt.

Sterke namn på programmet

Til kick-offen kjem ekspertar på reiseliv og historieforteljing, gründerar frå inn- og utland som jobbar med digital formidling og mange fleire. Riksantikvaren fortel kvifor det er viktig å utvikle historiske ferdselsårer. Filmregissør Erik Gustavson vil fortelje om arbeidet med Viking Rail, forfattar Arne Berggren fortel om gaming og tv-plattforma PILGRIM, Bendik Hareide frå Tingh kommunikasjon viser moglegheita som ligg i VR-teknologien, og Torunn Tronsvang, gründer av Up Norway, fortel korleis ho skal endre reiselivsbransjen i Noreg.

Berømte pilegrimsleier

- Kva kulturarv er det snakk om?

- Vi har eit særleg blikk på dei historiske ferdselsårene som går gjennom fylket vårt, men også på byggverk, landskap, tradisjonsmat, handverk og andre kulturminne vi omgir oss med, seier prosjektleiar Elin Kanck Lorentzen.

Dei historiske ferdselsårene har blitt stadig meir populære, både nasjonalt og internasjonalt. I Spania har Santiago de Compostela trekt til seg turistar frå heile verda.  I Noreg har pilegrimsleia og St. Olavsvegane til Nidaros fått eit oppsving. Lorentzen meiner potensialet i dei gamle ferdselsårene i fylket er stort.

- Vi har både Kystpilegrimsleia og Valldalsleia, frå Valldal til Dovre. I tillegg går postvegen frå Bergen til Trondheim gjennom heile fylket. Målet må vere at det skal vere mogleg å reise gjennom heile Møre og Romsdal langs desse vegane, og at ein på vegen kan oppleve både gode historier, ete god mat og overnatte.

Både langs pilegrimsledene og langs postvegen kryr det av kulturminne. Fleire stadar har frivillige lag og foreiningar lagt turstiar.

- Med programmet Ein bit av historia tek vi grep for å utvikle kulturturismen i fylket, seier Lorentzen som oppmodar kommunar, frivillige lag- og foreiningar til å melde seg på.