Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Vi inviterer til nye konferansedagar om kunst, kultur og kreativitet i skolen

Kontaktpersonar

Elin Kanck Lorentzen
Rådgivar
71 28 03 28 / Mob. 990 27 502
Send e-post

Vi inviterer til nye konferansedagar om kunst, kultur og kreativitet i skolen

Vi byr på ei nyskaping: Den 23. og 24. januar er det fagdagar for Den kulturelle skulesekken og dialogkonferanse om kunst og kreativitet i framtidas skole. Ein fellesnemnar er kor essensielt kunst og kultur er for hjernen, læring og kreativitet.

Professor Kjeld Fredens kommer til dialogkonferanse i januar. 

Den 23. og 24. januar 2019 er det Konferansedagar for den kulturelle skulesekken, som erstattar det tradisjonelle Kulturtorget.

 

Konferansedagane har to delar, med ulike målgrupper. Den eine er fagdagar for Den kulturelle skulesekken, med visning av produksjonar, verkstad og ulike foredrag. Den andre er nyskapinga Dialogkonferansen «Kunst og kreativitet i framtidas skule».

 

Kreativitet i framtidas skule

Med den nye innretninga ønsker fylkeskultursjefen å vitalisere Den kulturelle skulesekken.

-     Den kulturelle skulesekken er unik i verdssamanheng! For å utvikle ordninga i Møre og Romsdal vidare, ønsker vi å styrke og vidareutvikla samarbeidet mellom skule og Den kulturelle skulesekken, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

På dialogkonferansen skal skule og kultur saman finne ut korleis ein kan jobbe for å styrke samspelet mellom skulen og besøka frå Den kulturelle skulesekken. Derfor oppmodar ho både kommunane og fylkeskommunen til å stille med grupper der både tilsette på alle nivå i skule og kultursektor er representert.

-     Dialogkonferansen vil gje oss ny innsikt om kreativiteten si betyding for eleven si læring. Ikkje minst, legg vi opp til gode samtalar rundt bordet,fortsettWedlog-Olsen.

Hjerneforskar kjem

Til dialogkonferansen kjem både hjerneforskar Kjeld Fredens frå universitetet i Ålborg og professor Christine Hall frå University of Nottingham. Begge har til felles at dei forskar på kreativitet og betydinga kunst og kultur har for læring – og livet generelt. 

Den kulturelle skulesekken er kjent for mange både i skulen, i kunst- og kulturlivet, i forskings- og utdanningsmiljø. Ordninga er sjølve kjernen i regjeringa sin politikk for kulturformidling til barn og unge. I 2018 vart 270 millionar kronar av overskotet frå Norsk Tipping as brukt får å gje norske skuleelevar tilbod om møte med ein rik kunst- og kulturarv frå inn- og utland – og til å samarbeide med institusjonar og kunstnarar i skulen sitt nærmiljø.

Dialogkonferansen er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda v/SEANSE og Kulturtanken.

Lenke til påmelding