Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Rigmor Hustad Holen Rigmor Hustad Holen
Seksjonsleiar
71 28 04 23 /
Mob. 930 06 726
Send e-post

Idrettsstipend til individuelle utøvarar og klubbar

Alle idrettsutøvarar mellom 15-22 år og klubbar i Møre og Romsdal som fyller kriteria, kan søke på idrettstipend til individuelle utøvarar og klubbar.

Søknadsfrist: 5.august 2019

Formål

Møre og Romsdal fylkeskommune si ordning med idrettsstipendet skal:

  • gi inspirasjon og motivasjon for enkeltutøvarar/individuelle utøvarar til å utvikle seg vidare i idretten sin
  • gi inspirasjon og motivasjon til klubbar som har fostra opp unge talent
  • gi inspirasjon og motivasjon til klubbar for å utvikle klubben vidare med god drift og høgt aktivitetsnivå 

Kva beløp kan ein søke på?

Ordninga har ei årleg ramme på 150 000 kroner. Ordninga er inndelt i to med stipend til kvinneleg og manneleg utøvar, og eit stipend til klubb. Stipenda er som følgje:

  • eit stipend på 40 000 kroner til ein kvinneleg individuell utøvar. I tillegg får moderklubben til utøvaren 10 000 kroner.
  • eit stipend på 40 000 kroner til ein mannleg individuell utøvar. I tillegg får moderklubben til utøvaren 10 000 kroner.
  • eit stipend på 50 000 kroner til ein klubb.

Søknadsfrist

05. august 2019

Søknadsbehandling

Endeleg vedtak blir gjort i Kultur- og folkehelseutvalet sitt møte 04.09.19.

Statuttar

Ligg i høgremargen. 

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Under finn du skjema, eit for individuelle utøvarar og eit for klubbar. 

Idrettsstipend for enkeltutøvar 2019
  1. Mobiltelefonnummer, privat nummer
  2. For utbetaling av stipendet
  3. Kva idrett driv du med?
  4. Lag liste over alle klubbar du har vore medlem i og kor mange år i kvar klubb.
  5. www.antidoping.no
  6. Dato, konkurranse, plassering.
  7. Skjema finn du i høgremargen lengre opp på sida.
Idrettsstipend for klubb 2019
  1. Mobiltelefonnummer, privat nummer
  2. Gjer rede for drift og aktivitetsnivå det siste året.
  3. Dato, konkurranse, plassering.
  4. Kva ønsker klubben å bruke stipendet til?
  5. www.antidoping.no