Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Ragnhild Holsvik Ragnhild Holsvik
Seksjonsleiar
71 28 04 79 /
Mob. 416 29 185
Send e-post
Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post

Dokument

Retningsliner for kunstnarstipend 2019
PDF-dokument - 292,29 kB

Kunstnarstipend

Ei årleg stipendordning som gjeld alle kunstuttrykk.

Søknadsfrist: 01.04.2019

Formål

- Stipendet skal bidra til å fremme profesjonell kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hos kunstnarar som bur og arbeider i fylket.

- Stimulere til at kunstnarar etablerer seg i fylket.

- Gje kunstnarar moglegheit til å fordjupe seg kunstfagleg over tid for å utvikle seg og heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt.

- Gje kunstnarane høve til å arbeide med nyskapande utviklingsarbeid med relevans i notida sitt kunstfelt. 

Kva beløp kan ein søke på?

Stipendet er i 2019 på i alt 800 000 kroner. 200 000 kroner blir satt av til arbeidsstipend for visuelle kunstnarar dersom krava til tildeling er innfridd. Frå 2019 er det vedteke at det er satt av et arbeidsstipend på 200 000 kroner som er open for søkjarar frå alle kunstfelt. Resterande 400 000 kroner blir satt av til prosjektstipend som kunstnarar frå alle sjangrar kan søke på.

Søknadsfrist

01.04.2019

Søknadsbehandling

Det er høve til å tildele fleire mindre stipend.

Endeleg vedtak blir gjort i Kultur- og folkehelseutvalet i mai/juni månad.

Retningslinjer

Retningslinjer ligg på høgre side. Dei blei revidert i Kultur- og folkehelseutvalet 19.04.17.

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Søknadsskjema finn du her, navn på søknadsskjema er kunstnerstipend.

Vedlegg til søknaden:

1. CV er obligatorisk for alle som søkjer stipend og skal lastast opp som pdf. Den skal innehalde:

  • Relevant kunstnerisk utdanning og kurs
  • Kunstnerisk virksomhet og produksjon – både gjennomførte og planlagte prosjekter
  • Anna relevant informasjon relatert til kunstnarlege virksomhet, som tidligare mottatte stipend og prisar, arbeidserfaring osb.

2. Vedlegga må vere representative for kunstnerskapet og i hovudsak dokumentere nyare arbeid. Fleire kunstverk kan ikkje dokumenterast i ei og same fil. Av hensyn til komiteene som skal vurdere, for å styrke prinsippet om lik behandling, må volum på vedlegg vere avgrensa.

3. Vedlegg til søknaden kan lastast opp eller leggast inn som nettlenkjer. Tekstfiler skal vere lagt ved som PDF. Bilete som jpg-, png-, eller pdf-filer. Video som mp4- eller ogg-filer. Lyd som mp3-filer.

4. Fysiske vedlegg skal ikkje sendast inn.

5. Nettlenker skal vise direkte til det aktuelle materialet. Dersom påloggingsinformasjon er påkrevd, må brukarnamn og passord vere oppgitt i teksfeltet til kvart enkelt vedlegg. Materialet må vere tilgjengeleg i minst 6 månader etter søknadsfrist.

6. Vedlegg som dokumenterer ditt kunstnarlege virke kan vere av avgjerande betydning for vurdering av søknaden.

Biletkunstnarar/kunsthandverkarar:

 I tillegg til CV, kan ein leggje ved inntil 7 vedlegg i prioritert rekkefølgje til dokumentasjon av

kunstnarleg verke. Kvar pdf- fil kan innehalde fleire bilete av same verk, men ikkje overstige 2 sider. Fleire verk kan ikkje dokumenterast i ei og same fil. Opplysningar om type medium, materiale, format, tittel og produksjonsår kan skrivast direkte i pdf-filen. Det er også mogleg å oppsummere slik informasjon for samtlege vedlegg i ei eiga tekstfil (pdf). Anbefalt storleik på tekst- og biletefiler er 2 MB per fil og ikkje midre enn 72 dpi. Samla lengde på video- og lydfiler skal ikkje overstige 10 minutter.

 

Filmkunstnarar:

I tillegg til CV kan det vere 5 vedlegg til dokumentasjon av kunstnarleg virke. Vedlegg skal registrerast i prioritert rekkefølge, primært som nettlenkevedlegg, fortrinnsvis Vimeo (ev. youtube). Passord til dei enkelte nettlenkene må vere gyldig i heile perioden søknaden er til behandling.Søkarens navn, funksjon, tittel på film, sjanger, spilletid og innspillingsår, eventuelt synopsis/tagline føres opp i tekstfeltet for kvart enkelt vedlegg i skjemaet. Det må lenkeast til heile verk, ikkje utdrag av filmar. Pdf-filer skal innehalde maksimum 5 sider.

 

Forfattarar:

Oversikt over utgjeve arbeid skal førast opp i CV. Vedlegg utover CV er ikkje ønskeleg. Det skal ikkje legges ved bøker og andre utgjevingar i søknaden. Oversettarar kan legge ved ei samla oversikt over titlar i eiga pdf-fil.

 

Musikarar, sangarar, komponistar og dirigentarr:

I tillegg til CV kan det legges ved inntil 7 vedlegg i prioritert rekkefølge til dokumentasjon av kunstnarleg virke. Lydvedlegga skal vere mp3-filer. Komponistar og tekstforfattarar kan legge ved partitur, tekstar o.l.,helst som pdf. Samla lengde på lydfilene skal vere maksimum 20 minutt.

Scenekunst (dansarar, skodespelarar):

I tillegg til CV kan det legges ved inntil 7 vedlegg i prioritert rekkefølge til dokumentasjon av kunstnarleg virke. Nettlenker er ønskelige.

Sjå ellers utfyllande informasjon om vedlegg på søknadsskjemaet.