Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Økonomisk støtte og stipend > Kulturminneforvalting > Tilskot til bygningar og anlegg i verdsarvområdet

Kontaktpersonar

Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar, overarkitekt
71 28 03 31
Send e-post

Dokument

Antikvariske retningslinjer
PDF-dokument - 1,69 MB

Tilskot til bygningar og anlegg i verdsarvområdet

Tilskot frå Statsbudsjettet kap. 1429, post 79 til vedlikehald, istandsetting og/eller restaurering av bygningar og anlegg innanfor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap – delområde Stranda og Norddal.       

Kven kan søke?

Tilskot kan tildelast private eigarar av kulturminne innanfor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Stranda og Norddal, private stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige, frivillige og liknande.

Søknadsfrist

15.oktober 

Vilkår for tilskot

  • Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
  • Alle tiltak skal skje i tråd med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar i menyen til høgre.
  • Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.

Krav til søknad

  • Fotodokumentasjon (Oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Detaljert tilstandsvurdering
  • Detaljert skildring av det planlagde tiltaket.
  • Detaljert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Søknadsbehandling

Kultur- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot. Tildelte midlar blir offentleggjort i brev til søkjarane.

Kor kan du søke?

For å få søknaden vurdert, skal du bruke dette søknadsskjemaet: https://regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx?Ordning_Id=1410&Cookie=0

Merk deg feltet «viktig informasjon» før du fyller ut skjemaet. Om du har spørsmål til korleis du registrerer seg som brukar, kan du gå inn på: http://support.regionalforvaltning.no/support/home