Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Økonomisk støtte og stipend > Kulturminneforvalting > Tilskot til forundersøkingar eller arkitektfagleg bistand for bygningar og anlegg

Kontaktpersonar

Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar, overarkitekt
71 28 03 31
Send e-post

Tilskot til forundersøkingar eller arkitektfagleg bistand for bygningar og anlegg

Tilskot til forundersøkingar eller arkitektfagleg bistand for bygningar og anlegg.

Søknadsfrist: Løpande.

Formål

Vurdering av teknisk tilstand og behov.

Aktuelle kulturminne:

  • bygg og anlegg som er listeført med nasjonal, regional eller høg lokal verneverdi i Regional delplan for kulturminne og kulturmiljø
  • bygg og anlegg som er listeført med høg lokal verdi i kommunale kulturminneplaner eller som inngår i regulerte verneområde
  • nasjonale kulturminne som fell utanfor kriteria knytt til ordningane «tilskot til freda bygg og anlegg» og «tilskot til  bygningar og anlegg i verdsarvområde». 

Kven kan søke?

Søkarar kan vere privatpersoner, stiftingar, styre for foreining/sameige, eller liknande. Museum kan søke, dersom bygningen står på sin opphavlege plass.

Søknadsfrist

Løpande

Kva kan det søkast om tilskot til?

Tilskotet kan nyttast til å få fram godt grunnlagsmateriale for vidare tiltak på kulturminna:

  • fagleg/ handverksmessig vurdering av tilstand der det er behov
  • rådgiving om nødvendige tiltak
  • kostnadsoverslag
  • eventuelt vurdering av arkitektoniske løysingar

Støttenivå

Det kan søkast støtte på inntil 5.000 kroner.

Søknadsbehandling

Svar på søknadar sendast på e-post til søkarane. 

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast, søknadsskjema finn du i høgremenyen. Skjemaet sender du til post@mrfylke.no.