Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Christ Allan Sylthe Christ Allan Sylthe
Bygningsantikvar
71 28 03 32 /
Mob. 415 57 888
Send e-post

Dokument

Antikvariske retningslinjer
PDF-dokument - 1,69 MB

Tilskot til freda bygningar og anlegg

Tilskot frå Statsbudsjettet kap. 1429, post 71 til vedlikehald, istandsettingsarbeid og restaurering av freda bygningar og anlegg. 

Kven kan søke?

Tilskot kan tildelast private eigarar av kulturminne freda etter Kulturminnelova, private stiftingar, foreiningar/organisasjonar /sameige , frivillige og liknande, samt museum som eig freda bygningar som står på sin opphavlege stad.

Søknadsfrist

15.oktober 

Vilkår for tilskot

  • Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
  • Alle tiltak skal skje i tråd med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar i menyen til høgre.
  • Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.

Krav til søknad

  • Fotodokumentasjon (Oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Detaljert tilstandsvurdering
  • Detaljert skildring av det planlagde tiltaket.
  • Detaljert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Kor kan du søke?

For å få søknaden vurdert, skal du bruke dette søknadsskjemaet: https://regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx?Ordning_Id=1411&Cookie=0

Merk deg feltet «viktig informasjon» før du fyller ut skjemaet. Om du har spørsmål til korleis du registrerer seg som brukar, kan du gå inn på: http://support.regionalforvaltning.no/support/home