Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar, overarkitekt
71 28 03 31
Send e-post

Dokument

Antikvariske retningslinjer
PDF-dokument - 1,69 MB

Tilskot til kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verdi

Tilskot til vedlikehalds- og istandsettingsarbeid av kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verneverdi. Ordninga er eit 3-årig prosjekt, forankra i kultur- og folkehelseutvalet og Handlingsprogram for Kultur, sak U-11/15.  

 

 

Ordninga gjeld for kulturminne og kulturmiljø som ikkje er freda, men som enten:

  • er listeført i regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
  • inngår i kommunale kulturminneplaner
  • er regulert til bevaring/hensynssone i medhald av plan- og bygningslova

Kven kan søke?

Tilskot kan tildelast private eigarar av kulturminne og kulturmiljø. Også private stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige, museum og kommunar kan søkje.

Søknadsfrist

15.oktober

Vilkår for tilskot

  • Prosjekt som allereie er starta opp kan ikkje rekne med å få støtte.
  • Alle tiltak skal vere avklart med Møre og Romsdal fylkeskommune v/Kulturavdelinga.
  • Alle tiltak skal vere i tråd med antikvariske retningsliner. Retningslinene finn du i margen til høgre.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på prosjekt det blir gitt tilskot til.
  • Maksimalt 30 prosent samla tildeling kan gå til offentlege aktørar.
  • Fylkeskommunal finansieringsgrad per prosjekt skal ikkje overstige 50 prosent.

Krav til søknad

  1. Fotodokumentasjon (oversiktsbilete og detaljbilete)
  2. Detaljert tilstandsvurdering
  3. Detaljert skildring av det planlagde tiltaket
  4. Detaljert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  5. Spesifisert kostnadsoverslag frå handverkar og/eller rådgivarar
  6. Finansieringsplan

Kor kan du søke?

For å få søknaden vurdert, skal du bruke dette søknadsskjemaet: https://regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx?Ordning_Id=1412&Cookie=0

Merk deg feltet «viktig informasjon» før du fyller ut skjemaet. Om du har spørsmål til korleis du registrerer seg som brukar, kan du gå inn på: http://support.regionalforvaltning.no/support/home