Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Hans Roger Tømmervold Hans Roger Tømmervold
Rådgivar
71 28 03 19 /
Mob. 994 59 400
Send e-post

Dokument

Retningslinjer lokale kulturbygg 2017
PDF-dokument - 331,33 kB

Lokale kulturbygg

Desentralisert ordning for lokale kulturbygg er delegert til fylkeskommunen frå Kulturdepartementet.

Søknadsfrist: 1.april (til Møre og Romsdal fylkeskommune) Søknadsfrist til kommunen: 15.februar.

Formål

Ordninga skal medverke til egna lokale og bygningar som gir rom for ulik kulturell verksemd. Bygningane skal fungere som kulturelle møtestader for lokalmiljø og/eller for ein region.

Kven kan søke?

Søkar kan vere andelslag (der alle som ønskjer det kan vere med), kommunar, stiftingar eller organisasjonar med demokratisk oppbygging. 

Vilkår for at ein organisasjon kan søke, er at kommunen eller fylkeskommunen slår fast at utforming av bygget, vedtekter og driftsplan gjer det til eit allment lokalt kulturbygg.

For andelslag og stiftingar skal vedtektene førehandgodkjennast av fylkeskommunen.

Søknadsfrist

  • Søknad skal sendast inn til kommunen innan 15.februar.
  • Godkjent søknad med vedlagt kommunal prioritering skal sendast frå kommunen til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 1.april. 

Kva kan ein søke om tilskot til?

Det kan søkast om investeringstilskot til nybygg, tilbygg/ombygging av eksisterande kulturlokale og kjøp/ombygging av andre lokale til kulturbygg. 

Det blir ikkje gitt tilskot til erverv av grunn, dekking av gjeld eller til utgifter til arbeid utanfor 1 meter frå yttergrensa til anlegget. Tilskot frå denne ordninga skal ikkje gå til ordinært vedlikehald eller drift.

Krav til søknaden 

Sjå detaljerte retningslinjer i høgremargen. Søknaden skal gå gjennom kommunen. Kultur- og folkehelseutvalet vedtok nye retningslinjer 25.10.2017.

Søknadsbehandling

Kultur- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot.

Korleis søker ein?

Det skal nyttast elektronisk søknadsskjema gjennom anleggsregisteret.no  Lenke til søknadsskjema finn de her: www.anleggsregisteret.no/kulturanlegg

Nyttige lenker for arbeid med kulturbygg 

Ved innsending av rekneskap er det foretrukke at utbyggar og kommunen nyttar same skjema som for spelemidlar til idrettsanlegg. Lenke til skjema finn de her: 

Andre nyttige standarder, rettleiarar og moglege finansieringskjelder: