Tilskot til frivillig verksemd
Prosjekttilskot til enkelttiltak eller prosjekt som i hovudregelen omfattar aktivitet med eit regionalt nedslagsfelt.
Søknadsfrist: 1.mai og 1.september
Formål:
Å styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande aktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal.
Kven kan søke?
Regionale frivillige organisasjonar, kommunar og einskildpersonar i Møre og Romsdal kan søke om tilskot.
Søknadsfrist
1.mai og 1.september
Kva kan det søkast tilskot til?
Enkelttiltak eller prosjekt som i hovudregelen omfattar aktivitet/har betydning for minst 5 kommunar i fylket, eller som er av interesse for store delar eller heile fylket.
Støttenivå
Prosjekttilskot skal normalt ikkje overstige 50% av totalbudsjett. Øvre grense for tilskot skal normalt ikkje overstige 100 000 kroner.
Avgrensing
Ordninga gjeld ikkje for:
- Politisk verksemd
- Humanitær verksemd
- Trosamfunn
- Studiereiser inn/utland
- Organisasjonar som samlar inn og vidarefordeler midlar.
- Verksemder/institusjonar mv som får tilskot etter avtale mellom fylkeskommunen og andre offentlege instansar.
Søknadsbehandling
Tilskot til frivillig verksemd blir administrativt fordelt etter retningsliner vedtekne av Kultur- og folkehelseutvalet. Retningslinene finn du i høgre marg.
Korleis søker ein?
Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Søknadsskjema finn du her, navn på søknadsskjema er prosjekttilskot frivillig verksemd.
Rapporteringsskjema for prosjekttilskot tildelt før 2018
Elektronisk rapporteringsskjema skal nyttast. Rapporteringsskjema finn du her: