Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Heidi Drageseth
Bibliotekrådgivar
70 16 22 72
Send e-post
Inger Lise Aarseth Inger Lise Aarseth
Førstekonsulent
70 16 22 70
Send e-post

Arrangementsstøtte til biblioteka

Tilskot til arrangement som finn stad i biblioteka i Møre og Romsdal. 

Søknadsfrist: 1.april og 1.september

Formål

Medverke til å utvikle biblioteka som arena for aktivitet, debatt, foredrag og samtale innan kultur- og samfunnsliv. 

Kven kan søke?

Folkebibliotek i Møre og Romsdal som driv i samsvar med Lov om folkebibliotek. 

Søknadsfrist

1.april og 1.september

Kva kan det søkast støtte til?

Det kan søkast om støtte til gjennomføring og marknadsføring av lokale arrangement, også arrangement som omfattar fleire bibliotek. 

Støttenivå

Det kan søkast støtte på inntil 15.000 kroner. 

Det er ein føresetnad at Møre og Romsdal fylkeskommune sin logo vert nytta i annonsering og i anna informasjonsskriv.

Filer finn de her:

http://mrfylke.no/Intranett/Stoetteseksjonar/Informasjonsseksjonen/Grafisk-profil/Logo 

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast.

Skjema vil bli lagt ut igjen i 2017 for ny søknadsrunde.