Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Økonomisk støtte > Driftstilskot, eitt- eller treårig

Driftstilskot, eitt- eller treårig

Fylkeskommunalt driftstilskot til frivillige organisasjonar/amatørkultur er først og fremst retta mot regionale organisasjonar/fylkesledd.

Søknadsfrist: 1.april (eittårig), 1.juni 2018 (treårig)

Formål:

Å styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande aktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal.

Kven kan søke?

Regionale ledd av frivillige organisasjonar som har etablert fylkes- eller krinsledd i Møre og Romsdal med aktivitet i minst 5 kommunar i fylket.

Driftstilskot er ikkje knytt til eit særskilt tiltak/prosjekt, men gjeld verksemda som heile. Tilskotet har eit langsiktig, strategisk preg, og går som hovudregel til varige føremål.

Søknadsfrist

- Driftstilskot eittårig: 1. april

- Neste søknadsfrist for treårig driftstilskot: 1. juni 2018

Støttenivå

Driftstilskot blir gitt for eitt eller tre år, jf. sak KF-35/15.

Avgrensing

Ordninga gjeld ikkje for:

  •     Politisk verksemd
  •     Humanitær verksemd
  •     Trossamfunn
  •     Studiereiser inn/utland
  •     Organisasjonar som samlar inn og vidarefordeler midlar.
  •     Verksemder/institusjonar mv som får tilskot etter avtale mellom fylkeskommunen og andre offentlege instansar.

Krav til søknaden

Følgjande dokumentasjon  ligge ved søknaden:

  • Årsmelding (godkjent på årsmøtet) for siste år
  • Revidert rekneskap for siste år
  • Budsjett for søknadsåret
  • Arbeidsplan/handlingsplan for søknadsåret
  • Søkaren sin formålsparagraf (t.d. kopi av vedtekter)

All dokumentasjon må ligge ved søknaden før den blir behandla. Det er søkar sitt ansvar å ettersende dokumentasjon så snart den er klar.

Søknadsbehandling

Kultur- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av treårig driftstilskot. Eittårig driftstilskot blir administrativt fordelt.

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Skjema finn ein under her:

Søknadsskjema - Driftstilskot
  1. Organisasjon, kommune e.l.
  2. Svarbrev blir sendt til denne e-postadressen.
  3. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
Om organisasjonen
  1. Kommune/region
Dersom organisasjonen ikkje har gjennomført årsmøte på søknadstidspunktet, kan søknad sendast inn utan dokumentasjon.
  1. Frist for innsending av godkjent dokumentasjon er to veker etter gjennomført årsmøte. Dokumentasjon skal ettersendast til post@mrfylke.no.
  2. OBS! Viktig at ein ikkje lastar opp same dokument under fleire felt.
  3. Godkjent på årsmøte.

Kontaktpersonar

Hilde Hernes Hovland Hilde Hernes Hovland
Kontorsjef
71 28 03 01 /
Mob. 932 32 914
Send e-post

Dokument

Retningsliner kulturtilskot 2014
DOC-dokument - 692,50 kB